Brampton er ein marknadsby og eit civil parish i Carlisle i Cumbria i England. Byen har innbyggjarar (2001). Det ligg eit slott her, Naworth Castle, der jarlane av Carlisle heldt til.http://www.britishlistedbuildings.co.uk/en-77855-naworth-castle-brampton

St Martin's Church i Brampton er kjend som den einaste kyrkja utforma den prerafaelittiske arkitekten Philip Webb, og har eit sett glasmåleri utforma av Edward Burne-Jones og laga ved William Morris sitt studio.

Historie Ein trur byen blei grunnlagd som ein anglarbusetnad på 600-talet.Cumbria Directory: Brampton Brampton blei gjeven status som marknadsby i 1252 av kong Henrik III.

Stadnamnet «Brampton» er fyrst dokumentert i Charter Rolls frå 1252, der det er skrive «Braunton». I Taxatio Ecclesiastica frå 1291 er det skrive «Brampton». Namnet er avleidd frå gammalengelsk Brōm-tūn, som tyder ‘by/busetnad der det veks gyvel’.Eilert Ekwall, The Concise Oxford Dictionary of English Place-names, s. 60.

Ei stor motte-and-bailey-borg frå mellomalderen, kjend som The Mote, har utsyn over byen.

Den opphavlege kyrkja på staden ligg nokre mile vest frå busetnaden. Ho er kjend som Brampton Old Church, og ligg på staden der det var ein romersk festning ved Stanegate.

Brampton jernbanestasjon, på jernbanelinja mellom Newcastle og Carlisle, ligg rundt ei mile utanfor byen, nær busetnaden Milton.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Brampton, Carlisle» frå , den 17. juni 2022. Denne artikkelen bygger på «Brampton, Carlisle» frå , den 17. juni 2022.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Cumbria Kategori:Carlisle Kategori:Civil parish i Cumbria