James Carter () er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Baltimore som spesialiserte seg på 400 meter hekk. Han vann sølvmedaljen i øvinga ved VM i friidrett 2005.

Aktiv Carter vart fjerdemann på langhekken både under Sommar-OL 2000 og OL 2004. I mellomtida, sesongen 2002, vann han IAAF-turneringa i øvinga. Han gjorde sitt livs løp i VM-finalen i Helsinki der han sette personleg rekord med tida 47,43 sekund og sikra seg sølvmedaljen. I den neste verdsmeisterskapen, i Osaka i 2007, vart han atter ein gong nummer 4 på 400 m hekk.

Carter vart USA-meister på langhekk i 2002, 2004 og 2007.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 2000 i Sydney: Nr 4 – 48,04 VM 2001 i Edmonton: Utslått i semifinalane (49,38=nr 14) OL 2004 i Aten: Nr 4 – 48,58 VM 2005 i Helsinki: Sølvmedalje – 47,43, bakom Bershawn Jackson (47,30) VM 2007 i Osaka: Nr 4 – 48,40

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «James Carter (hurdler)» frå , den 24. juni 2022.

World Athletics

Kategori:Hekkeløparar frå USA Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004