Dwight Edwin Stones () er ein USA-amerikansk tidlegare høgdehoppar som var verdsrekordhaldar i øvinga 1973-77.
Aktiv Stones vart tredjemann i høgdetevlinga under Sommar-OL 1972 i München, på same høgde som sølvmedaljøren. 11. juli 1973 var Stones tilbake på olympiastadion i München der han sette verdsrekord ved å svinge seg over 2,30 meter. Sommaren 1976 forbetra han rekorden til 2,31 m i Philadelphia den 5. juni, same staden la han på til 2,32 meter den 4. august. Han var stor favoritt til å vinne OL-gull i Montreal, men takla ikkje forholda og måtte sjå seg klart slått av polske Jacek Wszoła, Canadas eigen Greg Joy tok sølv og Stones berga så vidt ein bronsemedalje. Etter å ha vorte nummer 6 i Friidretts-VM 1983, sette Stones landsrekord då han med eit hopp på 2,34 meter vann USA sitt OL-uttak 24. juni 1984. Under OL-finalen nokre veker seinare enda han på fjerdeplass med sine 2,31 m, like høgt som bronsevinnaren.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1972 i München: Bronsemedalje – 2,21 m OL 1976 i Montreal: Bronsemedalje – 2,21 m VM 1983 i Helsinki: Nr 6 – 2,29 m OL 1984 i Los Angeles: Nr 4 – 2,31 m
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Dwight Stones» frå , den 2. juli 2022.
World Athletics
Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for USA Kategori:Høgdehopparar frå USA Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1972 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1972 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1976 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1976 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1976 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1984 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1984