Dag Terje Andersen () er ein norsk politikar og stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet. Han hadde to postar i regjeringa Stoltenberg II, fyrst statsråd i Nærings- og handelsdepartementet frå 29. september 2006 til 20. juni 2008, då han vart statsråd i Arbeids- og inkluderingsdepartementet, noko han var fram til 2. oktober 2009. I tillegg var han ein kort periode i 2006–2007 fungerande statsråd i Fiskeri- og kystdepartementet. Dag Terje Andersen var stortingspresident frå 2009 til oktober 2013, då Olemic Thommessen overtok stillinga.Aftenposten.no, 02.10.13: Olemic Thommessen blir ny stortingspresident

Dag Terje Andersen er busett i Lardal og vart fyrste gong medlem av kommunestyret der i 1983. Frå 1987 til 1992 var han ordførar i kommunen. Regjeringskarrieren sin byrja han alt i 1992, då han var politisk rådgjevar og statssekretær i høvesvis Utanriksdepartementet og Sosialdepartementet. Andersen var også statsråd i Landbruksdepartementet i regjeringa Jagland frå 1996 til 1997. I perioden mellom 1992 og 1996 var han partisekretær i Arbeidarpartiet, og vart medlem av sentralstyret i partiet i 2002.

Han vart vald inn på Stortinget frå Vestfold i 1997. I perioden som byrja i 2001 var han vararepresentant, før han på nytt vart vald inn i 2005. Det var Silvia K. Kosmo som var vararepresentant for han medan han sat i regjering i denne perioden. Andersen var også vararepresentant i periodane 1985–1989 og 1989–1993. Som stortingsrepresentant har Dag Terje Andersen hatt leiarverv i to ulike stortingskomitear; han leidde Finanskomiteen frå 2000 til 2001 og Kommunal- og forvaltningskomiteen frå 2005 til 2006.

Andersen arbeidde i perioden 1977–1979 som smelteverksarbeidar, og frå 1979 til 1992 og i 2002 som skogsarbeidar. I 2002 studerte han også journalistikk ved Folkeuniversitetet. Etter dette, i perioden 2003–2005 var han innanlandssjef i Norsk Folkehjelp.

Kjelder Knut Olav Åmås [red.]: «Andersen, Dag Terje» i Hvem er hvem? (Aschehoug, 2008) Biografi på Stortinget.no

Fotnotar

Kategori:Stortingspresidentar Kategori:Norske arbeidsministrar Kategori:Norske landbruksministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Jagland Kategori:Statsrådar i Regjeringa Stoltenberg II Kategori:Ap-statsrådar Kategori:Statssekretærar i Regjeringa Brundtland III Kategori:Statssekretærar frå Ap Kategori:Sekretærar i Arbeidarpartiet Kategori:Stortingsrepresentantar for Vestfold Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 1997-2001 Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Stortingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Ordførarar i Lardal Kategori:Ap-ordførarar i Vestfold Kategori:Folk tilknytte Norsk Folkehjelp Kategori:Folk frå Frogn Kategori:Folk frå Larvik