Maria Thorisdottir (fødd 5. juni 1993) er ein norsk fotballspelar frå Klepp, som spelar for Manchester United og det norske landslaget.

Før ho bestemde seg for å satse for fullt på fotballen spela Thorisdottir også handball i Eliteserien for Sola og Stabæk.

Karriere Thorisdottir var eit talent i både fotball og handball i ung alder. Ho starta fotballkarrieren i Klepp, og debuterte i Toppserien i 2010. Etter å ha slite med jumper's knee-skade, valde ho etter U20-VM 2012 i Japan å leggje opp i ein alder av 19 år.

Etter å ha gitt seg med fotball valde Thorisdottir å satse på handballen igjen og i 2013 signerte ho for Stabæk i Eliteserien i Handball. Vedvarande skadar og manglande motivasjon gjorde at ho ville tilbake til fotballbanen igjen. Thorisdottir uttalte at ho gledde seg meir til fotballoppvarminga enn handballtreninga.

I 2014 bestemde Thorisdottir seg for å returnere til fotballen, og begynte å trene med Klepp igjen. I august 2014 gjorde ho comeback i ein cupkamp mot Arna-Bjørnar, to år etter ho sist spelte ein fotballkamp. Etter å ha kome i gang med fotballen igjen gjekk det fort før ho i mars 2015 fekk debuten på det norske A-landslaget. Under eitt år etter at ho gjorde comeback på fotballbanen vart ho teken ut i den norske troppen til VM i Canada 2015.

I august 2015 vart Thorisdottir skada igjen då ho vart stempla i venstrefoten i kamp. Det viste seg etter kvart at skaden var meir alvorleg enn ein fyrst hadde trudd, og kunne vere karrieretrugande. Thorisdottir mista heile 2016-sesongen på grunn av skaden.

Thorisdottir kom sterkt tilbake på fotballbanen i 2017 og vart teken ut i den norske troppen til EM i Nederland 2017. I september 2017 signerte ho for den engelske storklubben Chelsea. Der var ho ein del av det beste laget i England over fleire år. I oktober 2018 fekk Thorisdottir ei hjerneristing som heldt ho ute av spel over så lang tid at det var fare for at VM i Frankrike sommaren 2019 ville ryke. Men Thorisdottir slo tilbake og vart kåra til den beste på banen fleire gongar.

Etter å ha slite med speletid i Chelsea vart det i januar 2021 kjent at Thorisdottir melde overgang til Manchester United. I 2022 vart ho igjen teken ut i landslagstroppen til EM i England.

Familie Thorisdottir er dotter av trenaren for det norske kvinnelandslaget i handball, Thorir Hergeirsson.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Maria Thorisdottir» frå , den 10. juli 2022.

Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Norske kvinnelandslagsspelarar i fotball Kategori:Folk frå Klepp