Peter Maxwell Davies () var ein britisk komponist og dirigent.boosey.com Biografi

Davies var fødd i Langworthy i Salford i Lancashire, og budde seinare i Swinton. Foreldra hans var Thomas og Hilda Davies."Sir Peter Maxwell Davies CBE ", Manchester's Theatrical & Musical Celebrities: Papillon Graphics Virtual Encyclopedia of Greater Manchester (Accessed 9 April 2010). Han studerte komposisjon ved Royal Northern College of Music i Manchester på 1950-talet. Der danna han, saman med Harrison Birtwistle, Alexander Goehr, John Ogdon og Elgar Howarth, New Music Manchester Group, som organiserte framføringar av seriell musikk og annan samtidsmusikk.

Davies slo seg ned på Orknøyane, der han først busette seg på Hoy i 1971 og seinare på Sanday, der han budde livet ut. I 1977 skipa han St Magnus-festivalen for kunst og musikk.

Frå 1979 til 1984 var Davies kunstnarisk leiar for Dartington International Summer School. Frå 1992 til 2002 var han associate conductor/composer for Royal Philharmonic Orchestra, ei stilling han også hadde med BBC Philharmonic Orchestra.

Davies dirigerte og jobba med ei rekke anerkjende orkester, mellom dei Det skotske kammerorkesteret, Boston Symphony Orchestra, Royal Philharmonic Orchestra, Cleveland Orchestra og Gewandhausorchester Leipzig.

I 1981 blei Davies utnemnd til kommandør av Den britiske imperieordenen (OBE). I 2004 blei han utnemnd til Master of the Queen's Music.chesternovello.com Karriereoversikt

I nyttårslista for 2014 blei Davis utnemnd til medlem av Order of the Companions of Honour.The New Year Honours List 2014 – Higher Awards, gov.uk.

Utvalde verk

First Taverner Fantasia (1962) Second Taverner Fantasia (1964) Revelation and Fall (1966) Worldes Blis (1966–69) St Thomas Wake (1969) Eight Songs for a Mad King (1968) Missa super l'homme armé (1968, rev. 1971) Stone Litany (1973) Ave Maris Stella (1975e) The Door of the Sun for Viola Solo, J.132 (1975) Symphony No. 1 (1973–76) The Martyrdom of St Magnus (1977) The Lighthouse (1979) Black Pentecost (1979) Cinderella (1980; barneopera) Symphony No. 2 (1980) The Yellow Cake Review (1980), med Farewell to Stromness Image, Reflection, Shadow (1982) Symphony No. 3 (1984) An Orkney Wedding, with Sunrise (1985) Concerto for Violin and Orchestra (1985; dedisert til Isaac Stern, som gav den fyrste framføringa 21. juni 1986 ved St. Magnus Festival på Orknøyane) Concerto for Trumpet and Orchestra (1988) Symphony No. 4 (1989) Caroline Mathilde (1991; ballett) Strathclyde Concerto No. 3 (1994) Strathclyde Concerto No. 5 J.245 (1991) A Spell for Green Corn: The MacDonald Dances (1993) Symphony No. 5 (1994) The Doctor of Myddfai (1996; opera) Symphony No. 6 (1996) Concerto for Piccolo and Orchestra (1996, opus 182) Job (1997) Mr Emmet Takes a Walk (2000) Symphony No. 7 (2000) Symphony No. 8 (Antarctic Symphony) (2001) Naxos Quartets (2001–2007) Homerton (2010) Kommilitonen! (2011; opera) Symphony No. 9 (2012) Symphony No. 10 (Alla ricerca di Borromini) (2013)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Peter Maxwell Davies» frå , og «Peter Maxwell Davies» frå den 28. juli 2022.

Kategori:Order of the Companions of Honour Kategori:Britiske dirigentar Kategori:Komponistar frå 2000-talet Kategori:Komponistar frå 1900-talet Kategori:Engelske komponistar