Soweto Kinch () er ein britisk jazz-altsaksofonist og rappar.
Liv venstre|mini|Soweto Kinch opptrer ved Band on the Wall i Manchester, 4. oktober 2012 Kinch blei fødd i London i England med ein barbadisk far, dramatikaren Don Kinch, og den britisk-jamaicanske skodespelaren Yvette Harris til mor.Massarik, Jack, "Sax, rap and all that jazz", Evening Standard, 31. juli 2003. Han byrja å spela saksofon som niåring etter fyrst å ha lært å spela klarinett ved Allfarthing Primary School i Wandsworth i London. Han flytta så til Birmingham, der han var elev ved West House Primary School i Edgbaston.
Etter eit møte med Wynton Marsalis nokre år seinare oppdaga han og blei lidskapleg oppteken av jazz. Han spelte fyrst mest piano, men valde seinare i tenåra altsaksofonen som hovudinstrument. Han var elev ved Bromsgrove School i Worcestershire frå han var 13 til han fullførte A levels då han var 18. Ein tidleg musikalsk påverknad var vokalisten og perkusjonisten Frank Holder. Kinch studerte så Modern History ved Hertford College ved Oxford University.Hertford College Han drog også nytte av utdanningsprogramma til Tomorrow's Warriors,Le Gendre, Kevin, "Soweto Kinch interview: 'I see this real disconnect between the establishment bubble and what's happening in society'", Jazzwise, December 2017/January 2017."Everyone's Talking About Us!", Tomorrow's Warriors, 20 March 2018."The Jazz Ticket", Tomorrow's Warriors, 2. mai 2018. ein organisajson grunnlagd av Janine Irons og Gary Crosby for utvikling av jazzmusikarar og artistar, og spelte med Crosby sitt band-kollektiv Jazz Jamaica All Stars collective."Soweto Kinch – Jazz FM Photo of the Month" , William Ellis, 5. mars 2012.
I 2001 skipa Kinch gruppa Soweto Kinch Trio i lag med bassisten Michael Olatuja og trommespelaren Troy Miller med støtte frå Courtney Pine ved Ronnie Scott's Jazz Club. Dei opptredde ved Royal Festival Hall og ved Cheltenham International Jazz Festival.
I 2006 gav Kinch ut det andre albumet sitt, A Life in the Day of B19: Tales of the Tower Block."A Life in the Day of B19: Tales of the Tower Block", AllMusic. Dette var fyrstedelen av to konseptalbum som skildra livet til tre menn frå Birmingham. Albumet inneheld foreljarstemma til nyheitsankeret Moira Stuart frå BBC.
Kinch har også spelt med Pop Idol-bandet The Big Blue.
Kinch har opptredd for Don't Flop Entertainment, der han har tevla i rap battle og møtt Dotz,Dotz Vs Soweto Kinch FREESTYLE GAUNTLET , Don't Flop. Shuffle TShuffle-T Vs Soweto Kinch , Don't Flop. og CharronCharron Vs Soweto Kinch Freestyle , Don't Flop. som motstandarar.
I eit intervju ved Abbey Road Studios sa Amy Winehouse at ho ville likt å spela inn eit reinare («more purist») jazzalbum, og nemnde Kinch som ein jazzmusikar ho kunne tenkt seg å samarbeida med.McCormick, Neil, "Amy Winehouse: the final interview", The Telegraph, 23. juli 2016.
Scenearbeid I 2013 presenterte Kinch ei sceneframføring av konseptalbumet sitt The Legend of Mike Smith ved Birmingham Repertory Theatre. Opptredenen var påverka av Den guddomelege komedien og Dei sju dødssyndene, og fortalde soga til Mike Smith, ein ung MC i møte med fleire freistingar frå samtida. Kinch framførte verket med Karl Rasheed Abel på bass og Shaney Forbes på trommer. Temaet gav Kinch høve til å utforska ei mengd ulike kjensler innan hip-hop og jazz.Biography, Soweto Kinch website.
Anna arbeid I april 2016 blei Kinch programleiar for BBC Radio 3-programmet Jazz Now.
I 2019 var Kinch kurator for Koestler Arts-utstillinga, som viser fram kunst frå fangar og innsette i institusjonar, og blir halden ved Southbank Centre i London.
Utgjevingar
Conversations with the Unseen (Dune, 2003) A Life in the Day of B19: Tales of the Tower Block (Dune, 2006) War in a Rack (Soweto Kinch, 2009) The New Emancipation (Soweto Kinch, 2010) The Legend of Mike Smith (Soweto Kinch, 2013) Nonagram (Soweto Kinch, 2016) The Black Peril (Soweto Kinch, 2019)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Soweto Kinch» frå , den 4. august 2022.
Bakgrunnsstoff
Soweto Kinch BBC profile Soweto Kinch at dune-music.com Soweto Kinch interview by Michael "The Dood" Edwards, "The Emancipation of Soweto Kinch", for UK Vibe, August 2010 Soweto Kinch interview at britishhiphop.co.uk
Kategori:Musikarar frå London Kategori:Musikarar frå 2000-talet Kategori:Engelske jazzsaksofonistar