Józef Kozłowski () var ein polsk-russisk komponist.

Kozłowski var fødd i Warszawa. Han flytta til Russland i 1786. Han var med i den russisk-tyrkiske krigen som adjutant for prins Dolgorukij, og kom då i gunst hjå fyrst Grigorij Potemkin. Denne tok han med til Sankt Petersburg, der Kozłowski blei hoffkapellmeister. I tillegg til mykje skodespelmusikk komponerte han godt likte poloneser, blant anna ei for kor og orkester ('Sigersrop må lyda') som lenge gjorde teneste som russisk nationalsong. Vidare skreiv han nokre messer, ein Te Deum, to rekviem og fleire songar.

Han døydde 11. mars (27. februar i den julianske kalenderen) 1831 i Sankt Petersburg.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Józef Kozłowski» frå , den 9. august 2022. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Folk frå Warszawa Kategori:Polske komponistar Kategori:Russiske komponistar Kategori:Komponistar frå 1700-talet Kategori:Komponistar frå 1800-talet