høgre|mini|300x300pk|Etnologi på Den iberiske halvøya ca. 200 f.Kr., basert på kart av den portugisiske arkeologen Luís Fraga. Iberarar (latin hibērī, frå gresk Ιβηρία) var ei rekke folkeslag som greske og romerske kjelder, mellom anna Hekataios av Miletos, Avienus, Herodot og Strabon, identifiserte med dette namnet for dei austlege og sørlege kystane av Den iberiske halvøya, i det minste frå 500-talet f.Kr. Dei romerske kjeldene nytta òg nemninga hispani for å visa til iberarane.
Nemninga iberarar, som nytta av antikke forfattarar, hadde to særskilde tydingar. Den eine, meir generelt, refererte til alle folk og bebuarar på Den iberiske halvøya utan omsyn til etnisk tilhøyre (urindoeuropearar, keltarar og ikkje-keltiske indoeuropearar, som eksempelvis lusitanarar). Den andre, meir avgrensa i etnisk tyding, viste til folka som budde ved dei austlege og sørlege kystane av Den iberiske halvøya og som på 500-talet f.Kr. var blitt prega av kulturell innverknad frå fyrst fønikarar og deretter av grekarar.Harrison, Richard J. (1988): Spain at the Dawn of History: Iberians, Phoenicians and Greeks, Thames & Hudson. Desse ikkje-europeiske kulturfolka snakka eit no utdøydd iberisk språk som er dokumentert frå rundt 600- til 100-talet e.Kr. Andre nærskylde folk som blei omtalt som iberarar var turdetanarar, etterkommarar av Tartessoskultur frå bronsealderen; vaskonarar og dei indoeuropeiske lusitanarane. Resten av halvøya verker å ha vore folkesett av keltiske eller keltiberiske folk.
Opphav høgre|mini|Frua av Elx, 300-talet f.Kr., polykrom steinbyste frå L'Alcúdia i Alicante. Det er ikkje klart kva som er opphavet til iberarane, men ein går ut frå at dei kom til Spania i den neolittiske perioden (bondesteinalderen), kanskje ein gong så tidleg som 4000 f.Kr. Stadnamn tyder på at det blei tala eit indoeuropeisk språk i regionen før iberarane, slik at iberisk språk synest å ha kome ein gong etter koparalderen og kanskje samtidig med den argariske kulturen (med nam etter den arkeologiske staden El Argar).Manco, Jean (2013): Ancestral Journey, Thames & Hudson, s. 183 Denne kulturen var ein tidleg bronsealderkultur med teknologi til å omarbeida ei rekke metall, var hierarkisk organisert, hadde slavar og skapte framifrå keramikk som var einsarta over ei rekke busetjingar.History of Cartagena, Part 1 Prehistory to the Argaric culture Den argariske kulturen forsvann ein gong rundt 1600 f.Kr. Oldtids-DNA frå El Puig de la Naud og andre iberiske stader i Valencia, Castellon og Catalonia har gitt ei rekke av mtDNA-haplogrupper som er for vidtrekkande til at ein kan dra klare konklusjonar, og kan ha kome nær kvar som helst frå etter neolittisk tid, men også langt aust i Middelhavet, som frå Midtausten.Poblet Iberic del Puig de la Nau (CAT) , EXARCManco, Jean (2013): Ancestral Journey, Thames & Hudson, s. 184 Dagens geninformasjon er overveldande middelhavs, men det genetiske landskapet på halvøya har endra seg svært mykje i løpet av dei siste 5000 åra. Det kan ikkje avvisast at nordafrikanske jegerar og samlarar kryssa Gibraltarsundet i båtar og busette seg frå sør medan nord- og sentraleuropeiske sankarar spreidde seg inn i nordlege Spania. Sjølv neolittiske bønder synest å ha komme frå to ulike kjelder. Frå svært tidleg av verker Spania å vera delt genetisk mellom nord og sør, og vest og aust, og blei fyrst genetisk sameint ved Reconquista.«Genetic history of the Spaniards and the Portuguese», Eupedia
Historie
Iberiske samfunn høgre|mini|Iberia under andre punarkrigen, kartagiske (gul) og romerske (raud) område, og allierte. Iberarane budde i landsbyar og oppida (befesta busetnader), og samfunna deira var basert på organisering i stammar. Iberarane i Catalonia, den spanske Levanten (den spanske austkysten) og i den store elvedalen Baetis (dagens Guadalquivir) var meir urbaniserte enn naboane sine i sentrale og nordvestlege regionar på Den iberiske halvøya. Folka i dei sentrale og nordvestlege regionane var hovudsakleg keltiske, delvis pastorale og budde i spreidde landsbyar, men hadde òg nokre få befesta byar som Numantia.Richardson, J. S. (2004): Hispaniae; Spain and the Development of Roman Imperialism, 218-82 BC, Cambridge University Press, s. 16.
Dei hadde kunnskap om skriftsystem, metallarbeid, inkludert bronse, og jordbruk. I hundreåra før erobringa til kartagarane og romarane voks dei iberiske busetjingane i samfunnsmessig kompleksitet, noko som er påvist ved samfunnsmessige lagdeling or urbanisering. Denne prosessen var truleg påskynda av handelskontaktar med fønikarar, grekarar og kartagarar. Greske busetjingar gjorde dei fyrste historiske referansane til iberarar på 500-talet f.Kr. Dei definerte iberarane som ikkje-keltiske folk sør for elva Ebro. Grekarane omtalte òg eit anna folk som iberarar, eit folk i regionen Kaukasia, no kjend som kaukasiske iberarar. Det er ikkje kjent om desse folka hadde noko som helst samband med kvarandre. venstre|mini|Fønikisk votivstatue av Melqart-Herakles frå Gadir (Cádiz). Iberarane hadde omfattande handel med andre middelhavskulturar. Iberisk keramikk og metallarbeid blei spreidd til Frankrike, Italia og nordlege Afrika. Dei hadde omfattande kontakt med greske busetjingane i Spania: Emporion, Rhode, Zakynthos og Hemeroskopeion. Iberarane kan ha teke til seg ein del greske kunstnariske teknikkar. Statuar som Frua av Baza og Frua av Elx går ein ut frå blei framstilte av iberarar som var godt kjende med gresk kunst. Den greske hærføraren og historikaren Thukydides uttalte at ein av tre opphavlege stammar på Sicilia, sikanarane, var av iberisk opphav. Det er mogleg at grekarane nytta «iberisk» i svært brei tyding og at det òg omfatta gallarar.«Sicilian Peoples: The Sicanians». Best of Sicily. 7. oktober 2007.
Iberarane hadde òg kontakt med fønikarane, som grunnla handelspostar framfor koloniar i sørlege Andalucía. Fønikarane blei tiltrekte av metallførekomstar, særleg av sølv. Den første busetjinga deira blei oppretta så tidleg som 800 f.Kr. og blei opphavleg kalla for Gadir. Seinare forvanska romarane dette namnet til Gades, og det spanske namnet i dag er Cádiz. Andre fønikiske handelsstasjonar i sørlege Iberia var Malaka (Málaga), Sexi og Abdera.
Fønikarane oppretta Gadir på ei øy rett utanfor kysten. Ei forklaring av grunnlegginga er gjeven i Strabons Geografika, der eit orakel hadde dirigert skip frå byen Tyr i Fønikia til å oppretta ein stasjon ved Herkulessøylene. Fyrst ved tredje forsøk segla fønikarane gjennom Gibraltarsundet og oppretta ei busetjing på øya Erytheia ved utløpet av elva Guadalete, der det var lett å forsvara seg. Strabon antydar at valet for ein stad var eit resultat av fleire forsøk, noko som kan tyda på fleire tiår, kanskje eit hundreår med undersøkingar og utforsking. Sidan busetjinga ikkje gjorde territoriale krav på innlandet var fønikarane ikkje ein trussel mot lokalbefolkninga, iberarane. Det var òg eit godt val for handel med fastlandet med tilgang til elvane Guadalete og Guadalquivir.Cunliffe, Barry (2011): Europe Between the Oceans. 9000 BC-AD 1000, Yale University Press, s. 289-291
Iberarane fekk ei bløming frå handelen med fønikarane. I området som i antikken var kjent som Contestania, mellom elvane Júcar og Segura, blei leiarane rike gjennom å kontrollera handelen med fønikarane og seinare grekarane. Rikdom førte til at ein elite, eit aristokrati, danna seg, samfunnet blei lagdelt, og som bygde befesta maktsenter som kontrollerte landsbruksområda rundt. Innanfor murane kunne handelsmenn og handverkarar driva verksemda si i tryggleik. Blant handverksindustrien var produksjon av keramiske vasar ved hjelp av keramikkhjul.Manco, Jean (2013): Ancestral Journey, Thames & Hudson, s. 182
Andre punarkrig og romersk erobring mini|Grensene mellom Roma og Kartago, før krigsutbrotet i 218 f.Kr. Etter den fyrste punarkrigen førte den enorme krigsgjelda som Kartago hadde skaffa til at dei freista å utvida kontrollen sin over Den iberiske halvøya. Hamilcar Barca byrja den kartagiske erobringa frå basen sin ved Gadir ved å erobra heile regionen Tartessos og elvedalen kring Guadalquivir, som var rik på sølv. Etter at han døydde fortsette sonen hans Hasdrubal Barca erobringskrigen inn i Iberia og oppretta kolonien Qart Hadasht (dagens Cartagena). Han utvida kontrollen sin over heile strekninga langs den sørlege breidda av elva Ebro. Etter at han blei drepen i 221 f.Kr. overtok broren hans Hannibal kommandoen over dei kartagiske styrkane, og brukte to år på å fullføra erobringa av iberarane sør for Ebro.Dodge, Theodore Ayrault (2012): Hannibal: A History of the Art of War Among the Carthaginians and Romans Down to the Battle of Pydna, 168 B.C., Tales End Press, s. 143 I det første angrepet hans overvann Hannibal iberiske stammar som olkadane, vakkaiarane og karpetanarane, og utvida kontrollen til kartagarane over regionen langs elva Tagus (dagens Tajo).Hoyos, D. (2003): Hannibal's Dynasty: Power and Politics in the Western Mediterranean, 247-183 BC, s. 89-91 Hannibal omleira deretter den romerske allierte byen Saguntum (dagens Sagunt). Dette var ei krigserklæring som førte til utbrotet av den andre punarkrigen. Den iberiske halvøya blei krigsskodeplass for denne krigen, og mange iberiske og keltiberiske krigarar kjempa både for Roma og for Kartago. Dei fleste stadeigne stammane skal likevel ha alliert seg med kartagarane.
Roma sende Gnaeus og Publius Cornelius Scipio for å erobra Iberia frå Kartago. Nord for Ebro overvann Gnaeus den iberiske stammen ilergetane, som var alliert med Kartago, erobra den iberiske oppidumen Tarraco og overvann den kartagiske flåten. Etter at Publius Scipio kom til landet blei Tarraco befesta. I 211 f.Kr. blei brørne overfalne av kartagiske og allierte styrkar sør for Ebro. Under dette angrepet blei Publius Scipio drepen, og Gnaeus døydde under tilbaketrekkinga. Krigen endra seg då Scipio Africanus kom til i 210 f.Kr. Han angreip og erobra Kartago Nova (Cartagena) og overvann hæren til Hasdrubal Barca i slaget ved Baecula i 208 f.Kr. Krigen trekte ut då Kartago sende forsterkingar fram til slaget ved Ilipa i 206 f.Kr., der romarane vann ein avgjerande siger. Kartagarane trekte seg tilbake til Gadir og Scipio Africanus skaffa seg kontroll over det meste av den sørlege delen av Iberia. Etter denne romerske sigeren gjorde ilergetarane og andre iberiske stammar opprør, og det var berre etter at opprøret var slått ned at romarane kunne erobra resten av dei kartagiske områda i sør.
Etter den romerske erobringa blei Iberia delt i to store provinsar, Hispania Ulterior og Hispania Citerior. I 197 f.Kr. gjekk dei iberiske stammane til opprør igjen i Hispania Citerior. Etter å ha knust opprøret og sikra regionen, invaderte romarane og erobra Lusitania og Keltiberia. Romarane kjempa ein lang krig for å erobra Lusitania. Krig og militære kampanjar heldt fram i dei nordlege regionane av Den iberiske halvøya fram til 16 f.Kr., då dei siste opprøra i dei kantabrianske krigane (Bellum Cantabricum) blei avslutta.Guerras Cantabras, spansk nettsted dedikert de kantabrianske krigene
Iberisk kultur høgre|mini|Ryttar avbilda på iberisk keramikk, Alicante. Det iberiske samfunnet var delt inn i ulike samfunnsklassar, med kongar eller høvdingar (latin regulus), adelege, prestar, kunsthandverkarar og slavar. Det iberiske aristokratiet, som ofte blei kalla for «senatet» av antikke kjelder, kom saman i eit eige råd. Kongane eller høvdingane heldt hærane sine av krigarar gjennom eit system av forpliktingar som romarane kalla for fides.Martinez, Rafael Treviño (1992): Rome's Enemies (4) : Spanish Armies 218-19 BC, bokserien Men at Arms, Osprey Publishing, s. 180 Medan kulturen deira på austkysten av Iberia var påverka av fønikarar og grekarar frå 600-talet f.Kr., var dei innfødde i dei nordlege områda (Aragón og Castilla) kantiberarar som også var prega av keltisk innverknad frå nord i Gallia.