Douglas Scott Wreden (), også kjend som DougDoug og Diablo The Cheater, er ein amerikansk twitch-strøymar, podkastvert og youtubar. Han lagar komiske videoar der han ofte gjer uortodokse utfordringar i forskjellige spel, blant anna Peggle, Skyrim, Mario Party, Grand Theft Auto og fleire. Han startar ofte videoane sine med «» (‘Hei, dette er DougDoug, der me løysar problem som ingen har’). Han flytta til Washington i 2020, men han flytta attende til Los Angeles rundt 2023. Han er også broren til Davey Wreden, skaparen av Stanley Parable og The Beginner's Guide.
Tidleg liv og virke Doug Jobba med Electronic Arts frå 2014 til 2015 som programmerar. Han var også programmerings-lærar for UC Berkeley, i 2013.
Han var tidligare ein hearthstone-youtubar då han jobba for ESL og var organisator for Hearthstone-verdsmeistarskapen i 2016. Han slutta å fokusere på Hearthstone i 2018 for å fokusere meir på strøyming og andre spel. Han pleidde å lage ein youtubeserie med namn explained with food, der han tek for seg eit spel eller konsept og freista å forklare det med mat, men etter januar 2020 har han fokusert meir på å lage videoar med innhald frå twitch-strøymingane sine.
Velgjerd I august 2019 heldt Doug ei strøyming- og pengeinnsamling for 20-årsdagen for Rosa, ein oter ved Monterey Bay Aquarium. Summen då blei 320 dollar. Han gjorde det også i 2020, då donerte han 2676 dollar til akvariet, året etter vart det 14 172 dollar. Han gjorde det att i 2022, og fekk då donert 104 327 dollar. I 2023 vart det på over 300 000 dollar, som var dobbelt så mykje han trudde det skulle bli. Rosa døydde i juni 2024. Til minne for Rosa og livet hennar så heldt Doug ei pengeinnsamling det same året, som endte opp med bli på meir enn 620 000 dollar. Dette har ført til at Douglas samen med fellesskapet sitt har donert over 1 000 000 dollar til Monterey Bay Aquarium.
Han har i tillegg donert til Doctors Without Borders fleire gonger, ein av gongane under Martin Shkreli sitt namn.
Politiske meiningar Doug ytrar sjeldan politiske meiningar offentleg, men han har fleire gonger vore open om sin aksept av LHBT-personar under strøymingane sine. Han la også ut ei twittermelding etter at abortlova i USA vart stramma inn den 24. juni 2022 om at han såg på det som ein trist dag for rettane til kvinner og håpa på ei reversering i framtida. Etter mordet av George Floyd gjorde han også ei strøyming med pengeinnsamling for BLM (The Bail Project). Under ein spørrerunde på ei av strøymingane vart Douglas spurt om meininga si om cannabis og han meinte det burde vere lovleg. I podcasten Lemonade Stand (som han driv saman med Aiden og Atrioc) gjev han stundom utrykk for synet sitt på politiske hendingar og lovnadar. Bokutgjevingar
Tittel År ISBN Merknad DOUG: A DougDoug Story 2025Boka «inneheld ordet Doug rundt 50 000 gonger.» Prisar og nominasjonar År UtdelingKategoriResultatRef2023The Streamer AwardsI sin eigen liga (League of their own)2024The Streamer AwardsBeste program og spelutviklar (Best Software and Game Developer)Nominert
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:USA-amerikanske youtuberar Kategori:Twitch-strøymarar Kategori:Esport-kommentatorar Kategori:Folk frå Sacramento