Bara no Sōretsu ('likfølgje av roser', engelsk Funeral Parade of Roses) er ein japansk dramafilm frå 1969, skriven og regissert av Toshio Matsumoto. Han er rekna som del av rørsla Den nye japanske bølgje (Nūberu bāgu).https://talkfilmsociety.com/columns/reel-pride-funeral-parade-of-roses-1969. Talk Film Society. Vitja 3. september 2022 Handlinga følgjer prøvelsane i livet til Eddie og andre transkvinner i Tokyo. Filmen omfattar eit blodig trekantdrama.Oslo/Fusion: Festivalsjefens anbefalinger. 17. september 2019. Vitja 3. september 2022
Filmen er rekna for å ha påverka Stanley Kubrick si filmatisering av Anthony Burgess sin roman A Clockwork Orange (1971).‘Funeral Parade of Roses’: Edgy 1969 Japanese drama that inspired Kubrick’s ‘A Clockwork Orange’ Dangerous Minds, 15 June 2016. Retrieved 13 August 2020.
«Roser» (bara) i filmtittelen spelar på eit omgrep for feminine menn.
Skodespelarar Pītā (ピーター, engelsk Peter) som Eddie Osamu Ogasawara som Leda Yoshio Tsuchiya som Gonda Emiko Azuma som mor til Eddie Toyosaburo Uchiyama som Guevara Don Madrid som Tony Koichi Nakamura som Juju Chieko Kobayashi som Okei Shōtarō Akiyama spelte seg sjølv Kiyoshi Awazu spelte seg sjølv
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Funeral Parade of Roses» frå , den 3. september 2022.
Kategori:Japansk kultur Kategori:Japansk film