mini|Dei tre moirene. Relieff på grava til Alexander von der Mark av Johann Gottfried Schadow.
Dei tre moirene var i gresk mytologi tre lagnadsgudinner som spann på lagnadsveven, som synte lagnaden til kvart menneske og gudane. Dei heitte Klotho, Lakesis og Atropos. Klotho heldt handteinen og spann livstråden til eit menneske. Lakesis samla tråden og bestemte kor heldig mennskeet skulle vera. Atropos skar av tråden og avgjorde kor langt livet skulle vera.
Namna til dei tre søstrene står for spinnar (Klotho), utvelgjar eller flaks (Lakesis) og uendrar eller uungåeleg (Atropos). Moirene var alltid til stades når eit barn vart fødd. Dei (spesielt Klotho) avgjorde lagnaden til barnet.
I romersk mytologi svarar dei til parcae og liknar på dei tre nornene i norrøn gudelære.
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Moires» frå , den 7. september 2022.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Greske gudar Kategori:Lagnad