Cornet de Murat (fransk uttale [kɔʁˌnɛdɘmyˈʁa], av corne-, 'horn' og diminutivt suffiks -et; cornet betyr 'lite horn' ) er eit smått bakverk i hornform frå Murat, ein kommune i Auvergne (den sentrale delen av Frankrike). Cornet de Murat er ei småkake som er vorte rulla i form av eit storfehorn, og er fylt med krem og litt ostemasse piska til krem.

mini|venstre|Ei salers-ku Denne kaka er laga av egg, mjøl, sukker og salt, og vert rulla for hand når ho kjem ut av omnen. For å få den spesielle kjegleforma legg ein kaka på eit perforert bord. Forma er meint å likna horna til raude kyr frå Auvergne, ein rase kalla «salers».

Cornet de Murat kan serverast med forskjellige søte eller salte fyllingar, som kremfløyte, iskrem eller foie gras-mousse.

Cornetfestivalen som byrja i 2004 blir arrangert kvart år i september.Arrangementet tiltrekkjer seg mellom 10.000 og 15.000 besøkande årlig.

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Cornet de Murat) » frå , den 19. september 2022.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Franske bakverk Kategori:Fransk mat Kategori:Auvergne