Zerei Kbrom Mezngi () er ein eritreisk langdistanseløpar som sidan 2020 representerer Noreg. Han vann sølvmedaljen på 10 000 meter under EM i friidrett 2022. Mezngi kom til Noreg som flyktning i 2012 og fekk norsk statsborgarskap i 2020.

Mezngi tok gullmedaljen på 10 000 meter ved NM 2017 og sikra seg bronsen på 5 000 meter. Under NM i friidrett 2020 vart han norsk meister på mila med personbeste 28.04,2. I tillegg vart han andremann på 5 000 meter. Under europameisterskapen 2002 i München fylgde Mezngi vinnaren Yemaneberhan Crippa frå Italia heilt til innspurten og kneip sølvmedaljen. Tida 27.46,9 var ny personbeste.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Zerei Mezngi» frå , den 25. september 2022.

Kategori:Eritreiske idrettsutøvarar Kategori:Norske langdistanseløparar Kategori:Noregsmeistrar i friidrett Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2024 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2024 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2022 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2023 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2024