Marlon Devonish () er ein britisk friidrettsutøvar som i 2004 var med om å vinne OL-gull i 4 x 100 meter stafett, saman med Jason Gardener, Darren Campbell og Mark Lewis-Francis. Også då Storbritannia to år seinare vann EM-gull i øvinga, sprang Devonish tredjeetappen. Individuelt vann han bronsemedaljen på 200 meter ved EM i friidrett 2002 i München, ein prestasjon han kopierte under europameisterskapen i Göteborg fire år seinare. Devonish sine personbeste tider på 100 og 200 meter er 10,06 og 20,19 sekund.

Aktiv Devonish var med på å vinne vinne sølv for Storbritannia i 4 x 100 meter stafett ved verdsmeisterskapen i Sevilla i 1999. Saman med Jason Gardener, Darren Campbell og Dwain Chambers sette han europarekord med 37,73. Devonish var ein framifrå svingløpar og sprang difor den tredje etappen, noko han sidan gjorde i mange meisterskap, frårekna VM 2005.

29. juli 2002 i Manchester sprang Devonish livsbeste 20,19 sekund på 200 meter. To veker seinare vann han bronsemedaljen på distansen under europameisterskapen i München. I den same meisterskapen var han del av det britiske mannskapet som tok fyrsteplassen i 4 x 100 m stafett, ei plassering som vart annullert eit drygt år seinare, då det vart avslørt at ankermann Chambers hadde testa positivt i doping straks føre meisterskapen. I mellomtida hadde Storbritannia, med mellom andre Devonish og Chambers, lagt beslag på andreplassen ved Friidretts-VM 2003. Også den medaljen rauk for Devonish.

I mars 2003 sigra Devonish på 200 meter ved innandørs-VM i Birmingham på tida 20,62. Høgdepunket som aktiv kom i Sommar-OL 2004 i Aten, då det britiske stafettlaget beståande av Gardener, Campbell, Devonish og Mark Lewis-Francis vann gullmedaljen med eitt hundredeldels sekund margin til USA. I Helsinki-VM 2005 kom det britiske stafettlaget med Gardener, Devonish, Chris Malcolm og Lewis-Francis i mål til bronse.

I europameisterskapen 2006 i Göteborg kneip Devonish bronsemedaljen på 200 meter. Stafettlaget med Chambers, Campbell, Devonish og Lewis-Francis vann gull. Den 10. juli 2007 presterte Devonish livsbeste 10,06 på 100 meter då han vann eit GP-stemne i Lausanne. I slutten av august same året vart han sjettemann på 100 meter i Osaka-VM. Han fekk bronse i stafetten, i lag med Malcolm, Chris Pickering, Lewis-Francis. Også i verdsmeisteeskapen 2009 fekk han bronse, då i spann med Simeon Williamson, Tyrone Edgar og Harry Akines-Aryeetey.

Devonish la opp i 2012.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap VM 1997 i Aten: Utslått i kvartfinalane på 100 m (10,37=nr 35) EM 1998 i Budapest: Nr 5 på 100 m – 10,24 VM 1999 i Sevilla: Sølv i stafett, utslått i semifinalane på 200 m (20,25=nr 9) OL 2000 i Sydney: Utslått i semifinalane på 200 m (20,82=nr 27) VM 2001 i Edmonton: Nr 8 på 200 m – 20,38 EM 2002 i München: Bronsemedalje på 200 m – 20,24 VM 2003 i Paris: Storbritannia diskvalifisert frå sølv i 4 x 100 m stafett OL 2004 i Aten: Gullmedalje i 4 x 10 m stafett VM 2005 i Helsinki: Bronse i stafett. Utslått i semifinalane på 100 m (10,24=nr 14) og 200 m (20,93=nr 12) EM 2006 i Göteborg: Gull i 4 x 10 m stafett. Bronse på 200 m – 20,54 VM 2007 i Osaka: Bronse i stafett. Nr 6 på 100 m – 10,14 OL 2008 i Beijing: Utslått i semifinalane på 200 m (20,57=nr 13) VM 2009 i Berlin: Bronse i stafett. Utslått i semifinalane på 200 m (20,62=nr 12) EM 2010 i Barcelona: Nr 4 på 200 m – 20,62 VM 2011 i Daegu: Utslått i semifinalane på 100 m (10,25=nr 16)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Marlon Devonish» frå , den 1. oktober 2022.

World Athletics

Kategori:Britiske sprintarar Kategori:Europameistrar i friidrett for Storbritannia Kategori:Olympiske meistrar for Storbritannia Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2004 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Folk frå Coventry