mini|Georgia sitt flagg. 2:3
Det georgiske flagget utgjer fem raude georgskross på kvit botn. Flagget vart offisiell teke i bruk den 14. januar 2004, etter eit intervall på rundt 500 år. Tidlegare var det flagget til det georgiske riket på 1300-talet då kong Georg V regjerte. Flagget liknar på det engelske flagget, bortsett frå krossane i dei fire kvite rutene.
Den raude leten i flagget skal symbolisera blodet frå krigane mellom Georgia og dess fiendar, dei fem krossane skal symbolisera Jesu sine fem sår, og kvit skal tyda fred.
mini|Eit georgisk frimerke frå 2008, som viser folk som ber nasjonalflagget til Georgia under ein demonstrasjon mot krigen i Sør-Ossetia.
Historiske flagg
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bandeira da Geórgia» frå , den 6. oktober 2022.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Nasjonalflagg Flagg