mini|Familie i Alabama som lever på ein dollar til dagen, fotografert av Dorothea Lange i 1936. mini|Sveltande bønder i Kharkiv i 1933, under Holodomor. 1930-åra var eit tiår på 1900-talet. Det er knytt til den store depresjonen, ei økonomisk krise som råka fleire land og medførte at det internasjonale finanssystemet braut saman. Franklin D. Roosevelt blei vald til amerikansk president i 1933, og innførte ei rekkje økonomiske og sosiale program kjende som New Deal som respons på krisa. I andre land kom autoritære leiarar til makta, som Adolf Hitler i Tyskland. Han rusta opp landet militært og stod for ei rad anneksjonar og åtak på naboterritorium, der det siste av desse, åtaket på Polen 1. september 1939, førte til utbrotet av andre verdskrigen.

Hendingar i utlandet Krigar Den kinesiske borgarkrigen heldt fram Leticiakrigen mellom Colombia og Peru frå 1933 til 1934 Den andre krigen mellom Italia og Etiopia frå 1933 til 1939 Krigen mellom Saudi–Arabia og Jemen i 1934 Chacokrigen mellom Bolivia og Paraguay i 1935 Den spanske borgarkrigen frå 1936 til 1939 Den andre kinesisk-japanske krigen braut ut i 1937 og varte til 1945 som del av andre verdskrigen Andre verdskrigen braut ut i 1939

Hendingar i Noreg mini|Norsk postkort frå 1937 av kronprinsesse Märtha med prins Harald. 1935 - Den fyrste langvarige arbeidarpartiregjeringa kom til makta med Johan Nygaardsvold som statsminister 1937 - Den norske kongefamilien auka med dei fyrste barna fødde i Noreg - prinsesse Ragnhild i 1930, prinsesse Astrid i 1932 og tronarvingen prins Harald i 1937. Dronning Maud døydde i 1938.

Viktige personar Léon Blum Neville Chamberlain Francisco Franco Paul von Hindenburg Adolf Hitler Benito Mussolini Franklin D. Roosevelt Josef Stalin

Galleri

Kategori:Tiår