mini|Inuittkvinner feirer kvalfangsten i Point Barrow i Alaska med teppekast. Fotografi frå 5. Thuleekspedition 1921-24. mini|Teppekast i Utqiaġvik under nalukataq Teppekast er ei handling der fleire personar held eit stort teppe eller lerret stramt og dreg i det slik at det kastar ein person på teppet opp i lufta. Teppet fungerer på liknande vis som ein trampoline, og kan reknast som ein forløpar. Skikken er kjend frå inuittisk kultur i samband med feiringar som nalukataq.
Eit tradisjonelt nalukataq-teppe, mapkuq,MacLean, Edna; red. (2014). Iñupiatun Uqaluit Taniktun Sivuninit/Iñupiaq to English Dictionary, s. 191. University of Alaska. . kan vera laga av skinnet til fleire kvalrossar eller storkobbar, ugruk, eller i nyare tid av lerret. Det er sydd til ein stor sirkel eller eit kvadrat. Om ein er utandørs strekk ein reip frå kvart hjørne, festar det til fire trepålar (tidlegare kvalbein) og stramar det med taljer, slik at det når omtrent til livet på folk. Men og kvinner held i reip festa til kantane av teppet som dragarar, naluaqtit.(2014) "Blanket Toss ", NorthernGames.org. "The participant is expected to keep his or her balance and return upright – a particularly challenging feat if the participant does turns or flips while in the air." Henta 5. desember 2016. Med rytmisk draging stramar dei teppet slik at ein teppedansar, nalukataqtuaq, blir kasta opp i lufta."Whaling: A Way Of Life ", Akaskool.org. Henta 3. desember 2016. Teppekastinga kastar gjerne dansaren rundt seks meter opp i lufta,Gates, Nancy (2006). The Alaska Almanac: Facts about Alaska, s. 30. Graphic Arts Center. . men 12 meter er rekna som mogleg.Bragg, Beth (2002 ). "Blanket Toss More Than Spectacle ", TurtleTrack.org. Målet for dansaren er som eit minimum å landa på føtene, og deretter å gjera dette så mange gonger som mogleg.Perrin, William F.; Wursig, Bernd; and Thewissen, J.G.M. 'Hans'; eds. (2009). Encyclopedia of Marine Mammals, s. 633. Academic. . Dansaren kan også utføra avanserte triks som spark og saltoar.Burch, Ernest S. (2006). Social Life in Northwest Alaska: The Structure of Iñupiaq Eskimo Nations, s. 355. University of Alaska. .
Under feiringa av nalukataq kan einkvan kastast med teppet, men tradisjonelt er det kapteinane og konene deira som blir kasta fyrst. Opphavleg kasta dei ut varer, som bardar eller tobakk, klede, reiskapar eller mat som ein måte å demonstrera evna si til å støtta samfunnet på. I dag er det vanlegare for kapteinskoner å kasta godteri til barna frå lufta. Dette gjevingsritualet er også kjent som nalluġruq eller nullui. Teppekastinga er høgdepunktet på festivalen, og er også kjend som nalukataq. Ho kan vara i fleire timar.
Teppekasting blir også vist fram for turistar, og er ei grein i World Eskimo Indian Olympics."Games ", WEIO.org (2007). Henta 4. desember 2016.Hirschfelder, Arlene B. and Paulette Fairbanks Molin (2012). The Extraordinary Book of Native American Lists, s. 430, 473. Scarecrow. . I 2000 blei ishockeyspelaren Scott Gomez kasta 20 fot, eller seks meter, opp i lufta.Stewart, Mark (2001). Scott Gomez: Open Up the Ice, s. 43. Lerner. . Den tidlegare teppekast-vinnaren og delstatsrepresentanten for Alaska Reggie Joule,Russell, Sandra (1998). "My Experience on the Blanket Toss", Authentic Alaska: Voices of Its Native Writers p. 57–60. Andrews, Susan B. and Creed, John; red. U of Nebraska. opptredde på The Tonight Show for å snakka om teppekast.Freedman, Lew (2011). Thunder on the Tundra: Football Above the Arctic Circle, unpaginated. Graphic Arts Books. .
Teppekast er ei øving for kvinner og menn i World Eskimo Indian Olympics."Games ", WEIO.org (2007). Retrieved 4 December 2016.Hirschfelder, Arlene B. and Paulette Fairbanks Molin (2012). The Extraordinary Book of Native American Lists, s. 430, 473. Scarecrow. . Eit av måla under desse leikane er å ta i taket på Big Dipper Arena, no kjend som Carlson Center.
Det finst også døme på teppekast i andre kulturar, der det kan ha form som leik eller straff. Mak i Wakefield Mystery Play, The Second Shepherds' Play, og Sancho Panza i Don Quixote blir begge straffa gjennom slik kasting.
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Nalukataq» frå , den 9. oktober 2022.
Kategori:Inuittkultur Kategori:Kultur i Alaska