Krossvedslekta (Viburnum) er ei planteslekt i moskusurtfamilien.

Artane i slekta er lauvfellande eller eviggrøne buskar og små tre. Årsskota er glatte eller hårete. Vinterknoppane har skjold eller er nakne. Blada er motstilte og kan vera heile, eller ha tre eller fem flikar. Blomestanden er ein kvast eller halvskjerm. Blomane er små, femtalige og tvikjønna. Av og til sit det store, sterile blomar ytst i blomestanden. Frukta er ei raud eller svart steinfrukt med storleik som eit bær.

Dei fleste artane finst i tempererte område på den nordlege halvkula, men nokre av dei veks i tropiske fjellområde i Mellom- og Sør-Amerika og Søraust-Asia. I Afrika finst dei i nordvest. Det er tre europeiske artar: Krossved, filtkrossved og laurbærkrossved. Berre krossved veks naturleg i Noreg, men filtkrossved finst forvilla fleire stader.

I tillegg til krossved og filtkrossved blir mange artar frå andre verdsdelar dyrka i norske hagar, mellom anna koreakrossved, marskrossved og vinterkrossved.

Krossvedslekta blei tidlegare rekna til kaprifolfamilien (Caprifoliaceae). Fylogenetiske studiar viste at Viburnum var ei søstergruppe til alle andre arter i moskusurtfamilien, og nokre systematikarar har plassert dei i ein eigen krossvedfamilie (Viburnaceae).

Slekta har truleg oppstått og utvikla seg i fjellskogane i Søraust-Asia. Fleire linjer har spreidd seg herfrå til dei tempererte delane av Asia. Dei har vandra vidare vestover til Europa og austover ved hjelp av Beringlandbrua til Amerika og derfrå vidare sørover til tåkeskogane i Andes. Skiftet frå tropisk til temperert klima har fleire gonger medført at bladforma har endra seg frå elliptiske, heilranda blad til flika og tanna.

Artar

duftkrossved (V. × bodnantense) filtkrossved (V. lantana) glanskrossved (V. davidii) koreakrossved (V. carlesii) krossved (V. opulus) laurbærkrossved (V. tinus) lønnebladkrossved (V. acerifolium) marskrossved (V. farreri) praktkrossved (V. × burkwoodii) tranebærkrossved (V. trilobum) vinterkrossved (V. rhytidophyllum) Viburnum edule Viburnum lantanoides Viburnum orientale

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Krossvedslekta» frå , den 13. oktober 2022.

Bakgrunnsstoff

Yale University: Donoghue Lab – A Global Monograph of Viburnum Yale University: Donoghue Lab – Leaf Form, Development, and Evolution in Viburnum

Kategori:Planteslekter Kategori:Moskusurtfamilien