Cerros de Mavecure eller Mavicure, Mavicuri er tre kuppelforma fjell eller bergåsar som reiser seg bratt opp i eit elles flatt landskap i Guainía-departementet aust i Colombia. Meir spesifikt ligg dei ca. 50 km sør for byen Inírida ved Inírida-elva. Området har berre tilgjenge via elva. Geologisk sett er området ein del av Guyanaskjoldet, eit prekambrisk grunnfjellsskjold. Dei lokale bergartane her er skildra som deformerte med porfyrisk struktur, magmatiske bergartar.

Dei tre fjella heiter Pajarito (liten fugl), Mono (ape) og Mavicuri og er høvesvis 712 moh., 480 moh. og 170 moh.

Cerros de Mavecure har namn etter våpenet som dei innfødde brukte til å fange byttedyr: 'Mavicure' tyder blåserøyr og 'cerro' er spansk for ås.

Desse fjella blir rekna som ein av dei viktigaste turistattraksjonane i Guainía og ligg innanfor eit urfolksreservat for puinave, eit urfolk som lever i spreidde landsbyar i elvebassenget Inírida i Guainía-departementet, søraust i Colombia og i ei overgangssone mellom Amazonas-jungelen og Llanos-slettelandet. Mavecure blir rekna som ein heilag stad av dei mange etniske gruppene som lever i området.

Populærkultur Cerros de Mavecure blir synt fram i sluttscena i filmen Embrace of the Serpent. Guvernøren for Guainía tildelte Ciro Guerra, regissøren av filmen, Order of the Inrida Flower for «å verdsette respekten og verdien til urfolket, og på same måte gje departementet anerkjenning for turisme og kultur».

Kjelder

Denne artikkelen inneheld omsett tekst frå «Cerros de Mavecure» frå , den 16. oktober 2022

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Colombiansk geografi