Niclas Ekberg () er ein svensk handballspelar frå Ystad. Han har sidan 2012 gjort teneste i THW Kiel. Ekberg, som spelar høgrekant, vart i 2022 europameister med Sverige, ti år etter han vann OL-sølv i London. Med THW Kiel har han vunne EHF-meisterligaen 2020 og EHF-pokalen 2019.

Ekberg spelte på heimlege Ystad IFHF til 2010. Sidan var han i to sesongar under kontrakt med AG København. Frå 2012 har han vore aktiv for det tyske topplaget THW Kiel, der han har skåra fleire bundesliga-mål enn nokon annan THW-spelar. Han bidrog mykje då klubben i 2019 slo Füchse Berlin i finalen om EHF-pokalen, sameleis då det vart siger i EHF-meisterligaen over FC Barcelona. I begge desse finalane var han Kiel sin toppskåarar.

Under europameisterskapen 2022 skåra Ekberg i siste sekund på straffekast og sikra dermed EM-pokalen for Sverige. Per 1.10.2022 hadde han deltek i 197 landskmapar og skåra 799 mål.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Niclas Ekberg» frå , den 18. oktober 2022.

Kategori:Svenske handballspelarar Kategori:Europameistrar i handball Kategori:Olympiske medaljevinnarar i handball Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sverige Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:Svenske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2012 Kategori:Svenske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2020