Ane Farsethås () er ein norsk litteraturkritikar og skribent, mest kjend som bokmeldar i Dagens Næringsliv.

Farsethås er utdanna cand. philol. Ho var redaksjonsmedlem i litteraturtidsskriftet Vinduet 1999–2000 og har skrive i mellom anna Morgenbladet og kommentert litteratur for NRK P2. Sidan 2002 har ho vore fast bokmeldar og kommentator i Dagens Næringsliv.

Saman med Øyvor Dalan Vik har ho skrive Essensielt, litteraturens og filmens klassikere (2005).

I 2004 kåra Norsk kritikerlag ho til Årets litteraturkritikar, og same år vart ho kåra til Nordens beste kritikar av tidsskriftet Nordisk Litteratur.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ane Farsethås» frå , den 27. oktober 2022.

Bakgrunnsstoff

Arkivert nettside frå vinduet.no Anmeldelse av Hanne Ørstaviks Uke 43; Levi Henriksens Snø vil falle over snø som har falt og Johan Harstads Buzz Aldrin. Arkivert nettside. Kort intervju med henne i tidsskriftet Nordisk Litteratur

Kategori:Norske litteraturhistorikarar og kritikarar Kategori:Folk frå Oslo