Mari Louise Holmboe Ruge () er ein norsk samfunnsforskar. Ho stod sentralt ved skipinga av Institutt for fredsforskning (PRIO) i 1959, i lag med mellom anna Johan Galtung og Ingrid Eide.
Mari Holmboe Ruge er MA i sosiologi frå Columbia University og mag.art. i statsvitskap frå Universitetet i Oslo. Ho arbeidde i mange år i administrasjonen i Noregs allmennvitskaplege forskingsråd. Ho har òg vore aktiv i fredsrørsla spesielt i Internasjonal Kvinneliga for Fred og Fridom.
Mari Holmboe Ruge var gift med informatikaren Herman Ruge fram til han gjekk bort i 2019.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mari Holmboe Ruge» frå , den 5. november 2022.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske statsvitarar