Laura Pausini () er ein italiensk songar, låtskrivar og plateprodusent. Ho platedebuterte i 1993 og har sidan hatt ein lang og omfattande karriere i Italia og i fleire andre land. Ho er ein av dei mest suksessrike artistane i Italia og er blant dei mestseljande kvinnelege artistane innan latinopop. I tillegg til italiensk har ho også spela inn musikk på spansk, portugisisk, engelsk og fransk. Ho har teke imot ei rekkje prisar og nominasjonar for virket sitt, og i 2021 vann ho ein Golden Globe i kategorien beste song. Ho har også vore dommar for ei rekkje talentshow og leia fleire tv-program. I 2022 leia ho Eurovision Song Contest frå Torino saman med artisten Mika og programleiaren Alessandro Cattelan.

Bakgrunn Pausini vart fødd i Faenza, og allereie som barn opptredde ho saman med faren når han spela på lokale pianobarar. Etter å ha sunge i ei rekkje lokale songtevlingar, skreiv ho sin fyrste platekontrakt. Ho vart nasjonalt kjend i Italia i 1993, då ho vann nykomar-klassen i den 43. utgåva av Sanremo-festivalen med debutsingelen «La solitudine». Songen vart ein italiensk evergreen og toppa hitlistene i Nederland og Belgia. Hennar sjølvtitulerte album var sloppe 23. april 1993 og vart ein internasjonal suksess med 2 millionar selde eksemplar verda over.

Oppfølgjaralbumet Laura kom i 1994 og bekrefta hennar allereie veksande internasjonale suksess med 3 millionar selde album. Same år gav ho ut sitt fyrste spanskspråklege album, Laura Pausini, som bestod av ti låtar ho hadde gjeve ut tidlegare. Albumet selde til diamant-status, ifølgje Productores de Música de España, og ho vart den fyrste ikkje-spanske artisten til å selje meir enn 1 million album i Spania.

Pausini har per 2022 gjeve ut 12 studioalbum, to internasjonale «greatest hits»-album og to samlealbum for den spansktalande og den engelsktalande marknaden. Ho syng vanlegvis på italiensk og spansk, men ho har også spela inn låtar på engelsk, fransk, portugisisk og katalansk. Hennar einaste engelskspråklege album med originale songar, From the Inside, kom i 2002, men fekk ikkje like stor suksess som hennar andre album retta mot spesifikke marknadar. I 2006 vart albumet Io canto årets mestseljande album i Italia.

I 2004 kalla Allmusics Jason Birchmeier salet til Pausini for «ei imponerande bragd for ei som eigentleg aldri har slege gjennom i den lukrative engelskspråklege marknaden». I 2014 sertifiserte FIMI salet til Pausini på over 70 millionar album og ein FIMI Icon Award. Dette gjorde hp til den fjerde mestseljande kvinnelege artisten innan latinomusikk, og den mestseljande ikkje-spanske kvinnelege artisten innan latinopop.

Pausini har vore dommar og mentor i både den meksikanske og spanske utgåva av The Voice, og ho var dommar i den fyrste og andre sesongen av La banda, i tillegg til dommar i den spanske utgåva av X Factor. I 2016 debuterte ho også som varieté-progamleiar for underhaldningsshowet Laura & Paola, saman med skodespelaren Paola Cortellesi. I 2022 leia ho Eurovision Song Contest frå Torino sammen med Mika og Alessandro Cattelan.

I løpet av karrieren har Pausini vunne tallause antall musikkprisar i Italia og internasjonalt. Ho har både vunne og komme på tredjeplass i Sanremo-festivalen. Videre har ho vunne to Lunezia-prisar, 18 SEAT Music Awards, fire prisar på Festivalbar, sju Telegatti, og ein MTV Italian Music Award. Internasjonalt har Pausini vunne fire prisar under den internasjonale songfestivalen i Viña del Mar, fire Lo Nuestro-prisar, fire Latin Grammy Awards, éin Billboard Latin Music Award, seks World Music Awards, og ein Emmy-nominasjon. I 2006 vart ho også den fyrste italienske kvinnelege artisten til å vinne ein Grammy Award, i kategorien beste latinopopalbum for albumet Escucha. I 2021 vart ho Oscar-nominert for beste originale song med låten «Io sì (Seen)» frå filmen The Life Ahead. Sangen vann også ein Golden Globe for beste song, den første italiensk-språklege låten til å vinne denne prisen. Pausini har teke imot fortenesteordenen til Republikken Italia av president Carlo Azeglio Ciampi, og regionen Emilia-Romagna utnemnde ho til «verdsambassadør» for sin innsats innan internasjonal musikk.

Diskografi Studioalbum 1993 – Laura Pausini 1994 – Laura 1994 – Laura Pausini 1996 – Le cose che vivi / Las cosas que vives 1998 – La mia risposta / Mi respuesta 2000 – Tra te e il mare / Entre tú y mil mares 2002 – From the Inside 2004 – Resta in ascolto / Escucha 2006 – Io canto / Yo canto 2008 – Primavera in anticipo / Primavera anticipada 2011 – Inedito / Inédito 2015 – Simili / Similares 2016 – Laura Xmas / Laura Navidad 2018 – Fatti sentire / Hazte sentir

Samlealbum, duettar og livealbum 1995 – Laura Pausini 2001 – The Best of Laura Pausini: E ritorno da te / Lo mejor de Laura Pausini: Volveré junto a ti 2005 – Live in Paris 05 2007 – San Siro 2007 2009 – Laura Live World Tour 09 2013 – 20 – The Greatest Hits / 20 – Grandes Éxitos

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Laura Pausini» frå , den 6. november 2022.

Bakgrunnsstoff Offisiell nettside

Kategori:Italienske songarar Kategori:Italienske låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest-programleiarar