høgre|mini|Utdeling av igunaq blant inuittar. Igunaq (inuktitut ᐃᒍᓇᖅ) [iɣuˈnaq]), Igunaq (n.d.)]. Inuktitut: Living Dictionary. Henta 14. september 2012. eller kopalhen (tsjuktsjisk копалгын, romanisert kopalgyn, IPA [kopaɬɣən]) er ein metode for mattilreiing i inuittisk, tsjuktsjisk, nenetsisk og evenkisk tradisjon. Han blir brukt for ulike typar kjøt, særleg frå kvalross og andre sjøpattedyr. Kjøt og feitt frå dyr fanga om sommaren blir grave ned i bakken i stykke, og går gjennom ei fermentering om hausten og frys over vinteren. Neste år er det klart til å etast. Igunaq er rekna som ein delikatesse, og er ganske kostbart. Retten er likevel blitt mindre vanleg dei siste åra, etter at andre typar mat er blitt meir tilgjengeleg i arktiske område. Det følgjer også ein viss risiko ved retten. Feil tillaging kan føra til sjukdom og død gjennom botulisme.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Igunaq» frå , den 8. november 2022.
Kategori:Kjøt Kategori:Inuittisk mat