Ingrid Moe Wold () er en norsk tidlegare fotballspelar frå Kapp på Østre Toten. Ho er utdanna fysioterapeut.

Karriere Moe Wold har vore på det norske landslaget i samtlege år sidan ho i 2006 debuterte i troppen mot Nederland på det norske U17-laget.

Moe Wold spela sin fyrste kamp for i 2009. Då klubben i 2014 spela sin 100. kamp i Toppserien, så hadde Moe Wold spela samtlege kampar, og enda til slutt med klubbrekorden 195 seriekampar på rad, frå 5. april 2010 til 21. september 2018. I sesongane 2010 til 2019 spela ho til saman 268 kampar for LSK og scora 36 mål. Ho vart gong på gong kåra til «årets spelar» i klubben. Før LSK spela ho i Team Strømmen, Gjøvik og Kapp.

I 2019 leia Moe Wold, som kaptein, laget sitt til cupsiger over Vålerenga med 5-1, og tok med det «dobbelen» for femte gong.

Frå januar til juli 2020 spela Moe Wold for den spanske klubben Madrid CFF. Sommaren 2020 signerte ho ein toårskontrakt med den engelske klubben Everton LFC. Sondre Moen Myhre: Ingrid Moe Wold - Portrettintervju i Aftenposten/Sport 30. april 2020Aleksander Losnegård: Ingrid Moe Wold - Intervju og omtale i Aftenposten 26. oktober 2020

Moe Wold annonserte at ho kom til å leggje opp som fotballspelar sommaren 2021.

Merittar LSK Kvinner Seriemeister: 2012, 2014, 2015, 2016, 2017, 2018 og 2019 Cupmeister: 2014, 2015, 2016, 2018 og 2019

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Ingrid Moe Wold» frå , den 9. november 2022.

Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Norske kvinnelandslagsspelarar i fotball Kategori:Folk frå Østre Toten