WebCite er ei teneste som arkiverer nettsider etter ein førespurnad. Forfattarar kan deretter sitera dei arkiverte nettsidene gjennom WebCite, i tillegg til å sitera den originale URL-en til nettsida. Lesarar kan henta ut den arkiverte nettsida for all tid, utan omsyn til om den originale nettsida seinare er blitt flytta eller fjerna (såkalla lenkerote). Slik arkivering er spesielt viktig i akademisk samanheng. WebCite er ein ideell organisasjon som blir støtta av utgivarar og redaktørar, og han kan brukast fritt.
Sjå òg
Digital preservering Perma.cc Nettarkivering Internet Archive archive.is
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «WebCite» frå , den 12. november 2022.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Nettstader Kategori:Skipingar i 1998