Ragnhild Valle Dahl () er ein norsk handballspelar frå Elnesvågen, som sidan 2019 spelar for Vipers Kristiansand i Eliteserien i handball for kvinner. Med dette laget vann ho EHF-meisterligaen 2021 og 2022. Dahl deltok i tre landskampar hausten 2022, utan å kome på skåringslista.

Karriere Dahl spelte på Elnesvågen og Omegn Idrettslag sitt lag fram til november 2015. Ho melde då overgang til Molde Håndballklubb fekk omgåande sin eliteseriedebut. Dahl vart toppskårar i Eliteserien 2018/19 med 148 mål og vart kåra til ligaens beste venstreback.

Dahl skreiv kontrakt med Vipers Kristiansand framfor 2019/20-sesongen. I alle sine tre fyrste sesongar vart ho seriemeister, så vel som cupmeister med Vipers. Både våren 2021 og våren 2022 deltok ho i lagets sigerrike finalar i EHF-meisterligaen.

Dahl deltok i oktober-november 2022 i tre av Noregs landskampar. Ho fekk plass i troppa til Handball-EM 2022, men spelte berre ein EM-kamp.

Merittar Meisterligaen: Vann meisterligaen i sesongane 2020/21 og 2021/22 med Vipers Kristiansand. Junior-VM 2018: Sølvmedalje etter 22–28 mot Ungarn EM 2022: Gullmedalje etter 27–25 mot Danmark

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ragnhild Valle Dahl» frå , den 16. november 2022.

Landskampar

Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Norske landslagsspelarar i handball Kategori:Folk frå Fræna