Sumaya Jirde Ali () er ein norsk-somalisk debattant, poet og forfattar. I juni 2021 vart ho ansvarleg redaktør i det feministiske tidsskriftet Fett.

Bakgrunn Jirde Ali kom til Bodø frå Somalia som sjuåring i 2005. I 2016 fekk ho eit innlegg på trykk i Aftenposten, på ungdomssida Si;D. Her fortalte Jirde Ali korleis ho under eit besøk til London hadde vorte slegen av at både reklameplakatar, filmar og det offentlege rom spegla eit mangfaldig Storbritannia. For Jirde Ali var dette ein stor kontrast til korleis befolkninga vart representert i reklamar, underhalding og elles, i heimlandet Noreg. Med dette innlegget tredde Jirde Ali for fyrste gang inn på dagsorden.

Forfatterskap og samfunnsengasjement I 2017 gav Jirde Ali ut diktsamlinga Kvinner som hater menn. Same år vart ho kåra av lokalavisa Bodø Nu til «Årets Bodøværing». Ansvarleg redaktør i avisa, som også var juryleiar, grunngav kåringa som følgjer: – Sumaya er en utrolig viktig stemme for veldig mange unge kvinner, som tidligere har slitt med å finne forbilder som taler deres sak. Hun har gått i bresjen for en utvikling der unge, muslimske kvinner i større og større grad tør å delta i samfunnsdebatten. Og hun er en utmerket representant for Bodø.

I januar 2018 vart Jirde Ali tildelt Zola-prisen. Juryformann Karl Eldar Evang viste til at Jirde Ali hadde utpeikt likeverd for alle samfunnsborgarar til ei av sine hjartesaker, og rosa ho for ikkje å ville gje andre menneske definisjonsmakta over ho sjølv. I februar 2018 kåra gratisavisa NATT&DAG ho til «Årets stemme». Då avisa kunngjorde kven ho kåra til Årets stemme 2017, skreiv ho blant anna: Der enkelte i norsk offentlighet mest av alt frykter politisk korrekthet, lever Jirde Ali med voldsalarm, drapstrusler og en strøm av rasistisk hets. Da hun i sommer ba Listhaug ta avstand fra hetsen hun mottok i Listhaug-fansider på Facebook, skrev sosiolog og forfatter Halvor Fosli at hun som innvandrer ikke burde «kritisere de innfødte hardt og nådeløst» og at hun som ungdom burde «gå på forelesninger, ikke forelese selv». Det er åpenbart motsatt. I mange av vår tids viktigste debatter – for eksempel om flerkultur, identiet og religion – gjør Jirde Alis bakgrunn, personlighet og evner henne spesielt egnet til å forelese.

Sjikane, hets og ytringsfridom Jirde Ali deltok i intervjuprogrammet Torp på NRK TV 28. februar 2018, og fortalte då blant anna om korleis ho og familien hennar opplevde at deltakinga hennar i samfunnsdebatten hadde utløyst blant anna netthets og ei rekkje negativt vinklande artiklar i blant anna nettavisa Resett. Dagen etter gjekk svært mange ut og uttrykte støtte til Jirde Ali.

I mars 2018 hadde Jirde Ali sagt ja til å delta på fleire 8. mars-arrangement, men vart utsett for så mykje netthets og sjikane at ho kunngjorde at ho trekte seg frå deltakinga. Dette førte til stort engasjement både i sosiale medium og i offentlegheita elles til støtte for Jirde Ali, slik at ho etterkvart ombestemte seg og likevel deltok på fleire 8. mars-arrangement. Flere rikspolitikarar var blant dei som uttrykte støtte til Sumaya Jirde Ali i denne perioden. Ho fekk også støtte frå folk i leiande stillingar i den norske kyrkja. På fleire 8. mars-arrangement bar deltakarar masker med eit portrettfoto av Jirde Ali, som teikn på solidaritet med kampen hennar for retten til frie ytringar. Initiativet til denne kampanjen kom frå samfunnsdebattanten Susanne Kaluza. Hausten 2018 kom ho med boka Melanin hvitere enn blekemiddel på Aschehoug forlag. Jirde Ali vart tildelt Den norske Forfatterforenings Ytringsfrihetspris for 2018.– Artikkel om prisutdelingen på Den norske forfatterforenings nettside

I november 2022 melde Jirde Ali komikaren Atle Antonsen til politiet for å ha kome med hatefulle ytringar mot ho i oktober same år.

Bibliografi Kvinner som hater menn – dikt, Frekk forlag 2017 Ikkje ver redd sånne som meg – sakprosa, Det Norske Samlaget 2018 Melanin hvitere enn blekemiddel – dikt, Aschehoug 2018 Når jeg ser havet, slokner lyset – dikt, Aschehoug 2021 Et liv i redningsvest - Dagboksopptegnelser om norsk rasisme – memoarar, Cappelen Damm 2023

Prisar og utmerkingar Zola-prisen 2018 Den norske Forfatterforenings Ytringsfrihetspris 2018 Amalie Skram-prisen 2021

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sumaya Jirde Ali» frå , den 17. november 2022.

Bakgrunnsstoff Sumaya Jirde Ali: Mangfoldet i det offentlige ligger mange år etter – Aftenposten Si;D, 14. oktober 2016. Sumaya Jirde Ali på FLYT-festivalen - lydopptak på Bergen Offentlige Bibliotek 26. oktober 2018

Kategori:Norske redaktørar Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Folk frå Bodø Kategori:Vinnarar av Amalie Skram-prisen Kategori:Nordmenn av somalisk opphav