Marianne Sivertsen Næss () er ein norsk lærar, byråkrat og politikar frå Hammerfest. Ho har vore fiskeriminister sidan 19. april 2024. I 2021 var ho valt inn som stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Finnmark fylke.

Næss har vore avdelingsleiar ved Finnmarkssykehuset i Hammerfest og rektor ved den vidaregåande skulen i Hammerfest. Ho var ordførar i Hammerfest kommune frå 2019 til 2021. Ved stortingsvalet 2021 var ho partiet sin andrekandidat i Finnmark, innvald til Stortinget med god margin. På Tinget vart ho medlem i Energi- og miljøkomiteen. Etter komiteleiaren, Terje Aasland, vart utnemnd til statsråd i Støre-regjeringa, vart Næss vald til leiar av komiteen den 24. mars 2022.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske fiskeriministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Støre Kategori:Stortingsrepresentantar for Finnmark Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Stortingsrepresentantar 2025-2029 Kategori:Ordførarar i Hammerfest‎ Kategori:Ap-politikarar i Finnmark Kategori:Folk frå Hammerfest