Zebedee Nungak CQ () er ein kanadisk inuittisk forfattar, skodespelar, journalist og politikar.
Som barn blei Nungak teken bort frå heimen og lokalsamfunnet i Saputiligait, i lag med to andre barn, for å vera del av eit eksperiment utført av dei kanadiske styresmaktene for å «fjerna inuittkulturen frå dei og forma dei til leiarar i nord med sørlege tenkjemåtar.» Nungak blei seinare ein viktig person i å vinna landrettar og i skipinga av heimterritoriet Nunavik.
I den tidlege karrieren sin arbeidde Nungak som omsetjar og tolk for dei kanadiske styresmaktene. Han blei så ein av grunnleggjarane av Northern Quebec Inuit Association, og ein av dei som skreiv under på James Bay and Northern Quebec Agreement. Under dei konstitusjonelle konferansane for urfolksrettar var Nungak ein av formennene ved Inuit Committee on National Issues. Han var seinare fyrst visepresident og så president i Makivik Corporation, der han arbeidde aktivt for å oppnå anerkjenning av rettane til inuittar. I 2017 blei han tildelt National Order of Quebec av leiaren av Quebec, Philippe Couillard, til ære for tenestene sine for inuittar i Nord-Quebec.
Bakgrunn Nungak blei fødd i Saputiligait i Nunavik i Quebec, ein liten landsby sør for Puvirnituq, 23. april 1951. Staden blei nedteikna som «Kenoruk's camp» av den anglikanske presten som dokumenterte fødestaden hans, Nungak meinte dette kanskje var fordi preseten ikkje kunne stava namnet på staden rett. Nungak fekk e-nummeret E9-1956, eit offisielt nummer utdelt til alle inuittar i aust som blei avskaffa 1978. Mor til Nungak var dotter av ei inuittmor og ein skotsk far; Nungak møtte aldri denne morfaren. Han var ein av sju barn, i lag med Talasia, Poasie, Harry, Aliva, Alasie og Joanasie. Fødselsnamnet hans blei nedskrive som Jabedee Noongoak. Seinare i livet måtte han få advokathjelp til å fastslå at dei to namna tilhøyrde same person.
«Eskimo Experiment» Fram til han var 12 var Nungak elev ved Povungnituk Federal Day School. 14. august 1963 blei Nungak teken som del av det såkalla «Eskimo Experiment» av dei kanadiske styresmaktene. Han og to andre barn, Peter Ittinuar og Eric Tagoona, blei frakta til sør i Canada for å fullføra high school der. Dei tre barna blei valde på grunn av høge testskårar. Dei blei tekne frå familiane sine utan samtykke, og plasserte hjå engelsktalande mellomklassefamiliar i Ottawa. Som del av eksperimentet var Nungak elev ved tre skular: Parkway Public School, J.H. Putman Public School og Laurentian High School. Både Nungak, Ittinuar og Tagoona gjorde det særs godt i idrett som judo og symjing. Dei tre blei avbilda på framsida av bladet Judo World i 1964.
Då han skildra opplevingane sine i fosterheim seinare i livet sa Nungak at han ikkje hadde noko vondt å seia om nokon han møtte i denne perioden. Vanskane kom frå at Nungak var blitt heilt isolert frå lokalsamfunnet sitt. Han var ikkje til stades då den yngste systera hans blei fødd, eller då bestemora døydde. Familien til Nungak hadde ingen måte å kontakta han på etter at han blei teken til Ottawa. Etter at Nungak vende heim, blei han gjort til latter av jamgamle inuittar, men følte heller ikkje at han høyrde heime i det sørlege samfunnet han var blitt teken til. Nungak hadde ikkje utvikla viktige evne som andre medlemmer av samfunnet hans hadde: Han kunne ikkje fjerna galleblæra til ein sel eller skjera ut snøblokker med ein pana, eller snøkniv.
Det finst dokumentasjon på at eksperimentet blei utført for å finna ut om inuittar hadde same intelligensnivå som ikkje-inuittar. Programmet var blitt utforma for å fjerna inuittkulturen frå deltakarane og forma dei til leiarar i nord med sørlege tenkjemåtar I 2009 blei det laga ein film om personar som var del av dette eksperimentet, The Experimental Eskimos, av Barry Greenwald.
Karriere Som følgje av opplevingane sine som del av eksperimentet, fann Nungak og Ittinuar ut at dei hadde eit unikt perspektiv frå både nord og sør. Nungak gjekk inn i Department of Indian and Northern Affairs med mål om å innføra inuittisk sjølvstyre. Som nittenåring byrja han arbeida som statleg tolk og omsetjar, og vende tilbake til heimstaden på 1970-talet. Han var også redaktør for Tukisinaqtuk "Message", ei trespråkleg nyheitsbrev, og som kringkastar for CBC North Iqaluit. I eit intervju frå 2011 sa Nungak at han i løpet av den politiske karrieren sin hadde han kryssa gevir med statmsministrar, premierar og Québec-separatistar.
Skapinga av Nunavik høgre|mini|209x209pk|Kart over Nunavik-regionen Nungak er blitt skildra som ein sentral figur i skipinga av inuitt-regionen Nunavik. Han og Charlie Watt var grunnleggjarar av Northern Quebec Inuit Association (NQIA) i 1972. Nungak var sekretær-kasserar. Laget representerte inuittar, og verka i lag med Grand Council of the Crees, i forhandlingar med styresmaktene i Quebec og Canada for dei fyrst landkrava på vegner av inuittane. Nungak var forhandlar på vegner av NQIA, og var ein av elleve til å underteikna James Bay and Northern Québec Agreement (JBNQA) i 1975. Nungak var også leiaren for Saputik, ein organisasjon som heldt eigarskapen over inuittisk land i Quebec.
Frå 1984 og 1987 var Nungak medformann for Inuit Committee on National Issues, som forhandla med dei kanadiske styresmaktene om at inuittrettar skulle nedfellast i den kanadiske grunnloven under grunnlovskonferansane for urfolksrettar. Frå 1995 til 1998 var han leiar for Makivik Corporation, som hadde ansvaret for å administrera kompensasjonar som del av JBNQA. Han hadde tidlegare vore nestleiar.
Journalist og skribent Nungak er ein produktiv journalist som har skrive over seksti artiklar for fleire ulike magasin. Han har skrive for Inuktitut, This Magazine og Windspeaker. Nungak kan flytande engelsk, fransk og inuktitut, og har gjeve ut bøker på alle tre språka. Tekstane hans har fokus på å ta vare på inuittiske forteljingar og auka merksemd kring vern om dei inuittiske språka. Han har gejve ut samlingar av forteljingar frå Puvirnituq, samlingar om overvegingane av eldre i Nunavik og den trespråklege Illirijavut. ᐃᓪᓕᕆᔭᕗᑦ. That which we treasure. La langue que nous chérissons for å prøva revitalisera inuktitut. Nungak har vore ein sterk forkjempar for vern av inuittisk språk og kultur. Ein av aktivitetane han har drive med er som leiar for spørjetevlinga Uvangaqqaaq, 'meg fyrst', der han har kalla seg sjølv "the Alex Trebek of the North" etter den mangeårige programleiaren for Jeopardy. Eit av emna for verka til Nungak er det oppdikta studiet «qallunology», inuittiske studiar av kvite folk. Studiet gjev den filosofiske nemninga «den andre» til qallunaat, eller ikkje-inuittar, frå eit inuittisk perspektiv. Qallunology er ein viktig del av dokumentaren Qallunaat! Why White People Are Funny, som han var medregissør av.
Politisk karriere Nungak stilte til føderale og provinsval to gonger. Han stilte som uavhenging kandidat for Duplessis-setet ved valet i Quebec i 1976. Nungak fekk stemmer, og kom på fjerdeplassen. Ved det føderale valet i Canada i 1979 stilte Nungak igjen som ein uavhengig kanditat i Abitibi. Nungak fekk berre 986 stemmer, eller to prosent av stemmene.
Nungak var opent kritisk til sjølvstenderørsla i Quebec og Parti Québécois, som kjempa for at Quebec skulle bli sjølvstendig. Trass i motstanden sin mot rørsla, nekta Nungak å kalla seg sjølv ein «føderalist», og tok avstand frå den føderalistisk tilnærminga til både Liberal Party i Canada og Quebec Liberal Party, og frå mangelen deira på bevaring av urfolksidentitet. Nungak uttrykte uro for at eit uavhengig Quebec potensielt ville isolera inuittene i Nunavik ved å skjera av banda deira med dei andre inuittane i Canada, og deretter avslutte det spesielle forholdet Nunavik hadde med den føderale regjeringa. Nungak hadde ivra for at dei føderale styresmaktene skulle gripe inn om Quebec skulle få sjølvstende. Han var kritisk mot sjølvstenderørsla, som ignorerte urfolksrøyster ettersom dei var rekna som «uviktige» samanlikna med franskspråklege Quebec-burarar. Til svar på dette sa Nungak: «Det kan vera slik at talet vårt er uviktig, men landet med går på - der me har hatt heimane våre i tusentals år - er ikkje uviktig i det heile.» Som leiar for Makivik Corporation heldt Nungak talar i Brussel, Geneve og London for å tala mot sjølvstenderørsla og ei mogleg ny folkeavstemming. Under reisene sine møtte Nungak SN sin visehøgkommissær for menneskerettar og Royal Geographical Society i London. Nungak har også vore folkevald i lokalsamfunnet sitt i Kangirsuk.
Prisar og utmerkingar I 2017 blei Nungak tildelt National Order of Quebec av Premier of Quebec Philippe Couillard for bidraga sine til samfunnet i Quebec. Han blei gjeven tittelen knight.
I 2021 var Nungak ein av fem til å bli gjeven First Peoples' Medal av Lieutenant Governor of Quebec J. Michel Doyon til ære for bidraga deira til lokalsamfunna deira og utanlands.
Personleg liv Nungak er busett i Kangirsuk med kona si. Dei har sju barn. Han arbeider som kulturkommentator og for Avataq Cultural Institute i samband med bevaring av språket. Nungak kan også spela trekkspel.
Bibliografi
På engelsk
1969: Eskimo Stories from Povungnituk. Unikkaatuat sanaugarngnik atyingualiit Puvirngniturngmit. 2017: Wrestling With Colonialism on Steroids: Quebec Inuit Fight for Their Homeland
På fransk
1975: Légendes inuit de Povungnituk. Unikkaatuat sanaugarngnik atyingualiit Puvirngniturngmit 2019: Contre le colonialisme dopé aux stéroïdes. Le combat des Inuit du Québec pour leurs terres ancestrales
På engelsk og fransk
2012: Illirijavut. ᐃᓪᓕᕆᔭᕗᑦ. That which we treasure. La langue que nous chérissons
Alle verka til Nungak er tilgjengelege på inuktitut
Merknadar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Zebedee Nungak» frå , den 22. november 2022.
Kategori:Folk frå Nunavik Kategori:Inuittiske forfattarar Kategori:Kanadiske forfattarar Kategori:Kanadiske journalistar