Coatsøya (engelsk , inuktitut )INUIT HERITAGE TRUST. er ei øy i nordenden av Hudsonbukta i Kivalliqregionen i Nunavut i Canada. Ho har ei flatevidd på  km, og er den 24. største øya i Canada.

Øya omfattar statseigd land og private område som tilhøyrer inuittar. Dei siste faste busette her forlet øya på 1970-talet. Coatsøya er dermed den største øya på den nordlege halvkula, sør for polarsirkelen, som ikkje er folkesett. Ho var den siste bustaden for sadlermiutfolket, ei gruppe inuittar som også er sett i samband med den tidlegare Dorsetkulturen.

Geografi Coatsøya er 130 km lang. Det høgaste punktet er 185 moh. Dette høgaste punktet oppstår langs den steinete nordlege sida mellom Cape Pembroke og Cape Prefontaine. Dei underliggande bergartane i dette området er prekambriske metamorfe. Mindre enn 5 prosent av øya når over 100 moh. Den sørlege halvdelen av øya er fyrst og fremst lågtliggande moskeg og består av paleozoiske sedimentære bergartar, som kalkstein og sandstein.

Dyreliv Sidan 1920 har Coatsøya vore eit reservat for karibu, lokale reinsdyr. Etter at karibuen blei utrydda på Southamptonøya i nærleiken blei flokken på Coats brukt til å danna ein ny på Southampton. Øya er også kjend for bestanden sin av polarlomvi. Det finst to koloniar på 30 000 fuglar langs klippene på den steinete nordsida av øya. Det er også ein god del kvalross på strender ved botnen av klippene og på øyar utanfor nordenden av Coats (ei kvar ved Cape Pembroke og Cape Prefontaine). Desse blir jamleg vitja av inuittar frå busetnaden Coral Harbour på Southamptonøya for jakt.

Cape Pembroke har status som Important Bird Area.

Historie Den fyrste dokumenterte gongen ein europear såg Coatsøya var då Thomas Button kom hit i 1612. Han utforska øya vidare året etter. Ho fekk namn etter William Coats, som var kaptein for Hudson's Bay Company. Han vitja området fleire gonger mellom 1727 og 1751.

I 1824 sette «HMS Griper», under kaptein George Francis Lyon, anker utanfor Cape Pembroke på Coatsøya. Mannskapet møtte ei gruppe «eskimoar» som skal ha snakka ein «rar dialekt» og blei kalla sadlermiut. Amerikanske kvalfangarar stadfesta at Coats var ei øy etter at dei byrja vitja området på 1860-talet.

Sadlermiutane heldt fram med å ha kontakt med europearar. Men som mange andre amerikanske urfolk var dei sårbare for ny infeksjonssjukdommar som følgde med europearane. I 1896 var det berre att 70 sadlermiutar. Hausten 1902 vitja det britiske handels- og kvalfangskipet «Active» Cape Low på Southamptonøya. Då skal nokon av sadlermiut ha blitt smitta av ein sjukdom, kanskje influensa, tyfoidfeber eller flekktyfus av ein sjuk sjømann ombord. Sjukdommen spreidde seg til heile samfunnet. Vinteren 1902–03 hadde nesten alle sadlermiutane døydd som følgje av sjukdommen, og folkegruppa forsvann.

Det fanst ein handelspost for Hudson's Bay Company på øya frå august 1920 til august 1924. Fleire inuittfamiliar budde på øya i denne perioden, nokre av dei var blitt førte over frå Baffinøya ombord i båtar. I 1921 fann kaptein George Cleveland ein opp-ned dory-båt over to skjelett på Coatsøya. Dei blei som leivningane etter kaptein Arthur Gibbons og ein av offiserane hans frå den amerikanske kvalfangsskonnerten «A. T. Gifford», som hadde forsvunne i Hudsonbukta i 1915.Boston Daily Globe, Sep. 21, 1923, p.7.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Coats Island» frå , den 28. november 2022.

Kategori:Øyar i Nunavut