«Saudade, saudade» (norsk omsetjing 'lengsel, lengsel') er ein song frå 2022 med den portugisiske songaren og låtskrivaren Maro. Ho har skrive songen saman med den amerikanske låtskriveran John Blanda. Songen vann den portugisiske songtevlinga Festival da Canção 2022, og var det portugisiske bidraget til Eurovision Song Contest 2022.

Om songen Den portugisiske låtskrivaren Maro er busett i Los Angeles i USA. Der har ho eit musikalsk samarbeid med den amerikanske låtskrivaren John Blanda. Saman komponerte dei låten «Saudade, saudade», og Maro skreiv teksten som er delvis på engelsk og portugisisk. Ho sende han deretter inn til den portugisiske ålmennkringkastaren RTP si songtevling Festival da Canção – det portugisiske svaret på Melodi Grand Prix.

Den 21. januar 2022 bekrefta RTP at «Saudade, saudade» var blant dei 20 bidraga som var plukka ut til å delta i den 56. tilskipinga av Festival da Canção. Songen vart utgjeven med dei andre bidraga same dag, mens ein liveversjon spela inn i studio vart gjeven ut som singel 7. mars.

«Saudade, saudade» vann Festival da Canção laurdag 12. mars og var det portugisiske bidraget til Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia. Songen gjekk til finalen, og enda til slutt på niandeplass med 207 poeng. Dette var den beste plasseringa til Portugal i Eurovision Song Contest sidan sigeren i 2017.

Listeplasseringar Liste (2022)Høgasteplassering Irland (IRMA)93 Island (Tónlistinn)13 Litauen (AGATA)3 Nederland (Single Tip)6 Portugal (AFP)3 Storbritannia (UK Download (OCC))51 Sveits (Schweizer Hitparade)79 Sverige (Sverigetopplistan)68

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Saudade, saudade» frå , den 3. desember 2022.

Kategori:Portugisiske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2022-songar Kategori:Fleirspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Portugisiskspråklege Eurovision Song Contest-songar