mini|Inuittiske snøbriller laga av reingevir, festa med band av reinsener mini|Inuittiisk snøbriller frå Alaska. Øvst eit par av tre frå 1880–1890, under av reingevir frå 1000–1800. Snøbriller (inuktitut eller , stavingsskrift ᐃᓪᒑᒃ eller ᐃᒡᒑᒃ, alaskayupik nigaugek, ) er utstyr tradisjonelt nytta av inuittar og yupikfolk for å verna augo mot snøblinde.Inuit Snow Goggles ved Vancouver Maritime Museum

Vernebrillene blei tradisjonelt laga av rekved (særleg frå gran), bein, kvalrosstenner og reingevir, eller i nokre høve strandgras. Dei er skorne ut for å passa rundt fjeset til brukaren, med ei eller fleire utskorne smale horisontale spalter.Smithsonian Institution, St. Lawrence Island Yupik Snow Goggles Brillene sit tett rundt fjeset slik at lys berre kjem inn gjennom spaltene, og av og til blir det brukt sot på innsida for å redusera gjenskin. Spaltene er laga smale ikkje berre for å redusera mengda av lys som kjem inn, men også for å betre visus eller synsskarpleiken. Vidare spalter gjev eit større synsfelt.

Ordsoge Som med andre inuittiske ord finst det ulike nemningar ulike stader, som med inukhuk/inuksuk. I Kivalliq blir dei kalla (ᐃᓪᒑᒃ) medan dei på Nord-Baffinøya blir kalla (ᐃᒡᒑᒃ). Begge orda kan også brukast om solbriller.

På alaskayupik blir snøbruller kalla , medan på cup'ig blir dei kalla igguag. På sibirsk yupik er nemninga .

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Snow goggles» frå , den 4. desember 2022.

Kategori:Inuittkultur Kategori:Verneutstyr Kategori:Briller Kategori:Vinterklede