«Sekret» (norsk omsetjing 'løyndom') er ein albansk song frå 2021 som er skriven og framført av songaren og låtskrivaren Ronela Hajati. Songen vart gjeven ut som singel på eige forlag 2. desember 2021. Nokre veker etter vann songen den 60. utgåva av den albanske songtevlinga Festivali i Këngës, og han vart det albanske bidraget til Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.

Om songen «Sekret» er skriven og komponert av Hajati sjølv og produsert av den albanske musikkprodusenten Marko Polo. Songen kombinerer tradisjonelle og moderne element, og er ein uptempo-låt innan etnisk pop-sjangaren med folkemusikk-element. Hajati gav ut «Sekret» på eige forlag 2. desember, og låten vart seinare omarbeidd i samarbeid med den nederlandske musikkprodusenten Diztortion i London. Songen hadde opprinneleg albansk tekst, men ein engelskspråklig versjon vart gjeven ut saman med ein tilhøyrande muiskkvideo 4. mars 2022.

Den albanske ålmennkringkastaren Radio Televizioni Shqiptar (RTSH) plukka ut songen til å delta i den 60. tilskipinga av songtevlinga Festivali i Këngës. Tevlinga bestod av to semifinalar 27. og 28. desember, med finale 29. desember 2021. Vinnaren fekk representere Albania i Eurovision Song Contest. «Sekret» avanserte til finalen, og juryen kåra han til slutt som vinnar. «Sekret» vart dimed det albanske bidraget til Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.

I Eurovision Song Contest i Torino var «Sekret» det fyrste bidraget på scena i den fyrste semifinalen tysdag 10. mai, og vart nummer 12 av 17. Sidan songen ikkje vart blant dei ti beste, kvalifiserte han seg ikkje til finalen laurdag 14. mai.

Listeplasseringar

Liste (2022) Høgasteplassering Albania (The Top List) 3 Hellas (IFPI Greece) 67

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sekret (Ronela Hajati-sang)» frå , den 5. desember 2022.

Kategori:Songar frå 2021 Kategori:Albanske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2022-songar Kategori:Albanskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Fleirspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Festivali i Këngës-songar