Riccardo Fabbriconi (fødd 10. februar 2003 i Brescia i Italia), best kjend under artistnamnet Blanco, er ein italiensk songar, rappar og låtskrivar. Han debuterte med studioalbumet Blu celeste i september 2021, som gjekk til topps på den italienske albumlista. Fleire av låtane hans har også toppa den italienske singellista; den mest populære, «Mi fai impazzire», toppa lista i åtte veker og selde til seks gongar platinastatus. Han vann Sanremo-festivalen 2022 saman med Mahmood og songen «Brividi», og representerte Italia i Eurovision Song Contest 2022.

Bakgrunn Fabbriconi vaks opp i Calvagese della Riviera i Lombardia, men tilbrakte mesteparten av barndomen mellom fødebyen Brescia og Desenzano del Garda, der han gjekk på skule. Som barn høyrde han på italienske popartistar som Lucio Battisti, Lucio Dalla og Pino Daniele. I ungdomsåra gjekk han etter kvart i retning av hiphopen.

I juni 2020 gav Blanco ut EP-en Quarantine Paranoid på SoundCloud. Der vart han oppdaga av Universal Music som tilbaud han ein platekontrakt. Han gav ut debutsingelen «Belladonna (Adieu)», og i juli 2020 kom oppfølgjarsingelen «Notti in bianco» som nådde ein andreplass på den italienske singellista. Sidan følgde ei rekkje nye singlar, og han toppa den italienske singellista med «La canzone nostra» saman med produsenten Mace og rapparen Salmo. Sidan toppa han lista på nytt med «Mi fai impazzire» (saman med rapparen Sfera Ebbasta), «Blu celeste» og seinast med «Brividi» saman med Mahmood.

10. september 2021 slapp Blanco debutalbumet Blu celeste, som bestod av ni ikkje-utgjevne spor produsert av Michelangelo, i tillegg til dei tidligare utgjevne singlane «Notti in bianco», «Ladro di fiori» og «Paraocchi». Albumet gjekk rett til topps på den italienske albumlista, og vart sertifisert til gull av FIMI etter ei veke, og sidan platinastatus veka etter.

Blanco vann Sanremo-festivalen 2022, den største musikktevlinga i Italia. Der deltok han med kjærleiksballaden «Brividi» saman med Mahmood, som også vann Sanremo-festivalen i 2019. Songen vekka oppsikt sidan den var den fyrste songen i historia til Sanremo-festivalen til å ta opp homofil kjærleik. Songen vart strøyma 3,3 millionar gongar det fyrste døgnet etter utgjevinga, og sette strøymerekord for Spotify i Italia. Låten gjekk rett til topps på den italienske singellista etter berre tre dagar. Som vinnar av Sanremo-festivalen representerte han og Mahmood Italia i Eurovision Song Contest 2022 på heimebane i Torino. Der enda dei på sjetteplass.

Diskografi Studioalbum TittelAlbumdetaljarHøgaste listeplasseringSertifiseringarITASVIBlu celeste Gjeve ut: 10. september 2021 Merke: Universal Format: CD, LP, digital nedlasting, strøyming111 FIMI: 3 × platina

Singlar Singlar der Blanco er hovudartist: TittelÅrHøgaste listeplasseringSertifiseringarAlbumITASVI«Belladonna (Adieu)»2020—— «Notti in bianco»2— FIMI : 5× platinaBlu celeste«Ladro di fiori»16— FIMI: Platina«La canzone nostra»20211— FIMI: 5× platina «Paraocchi»3— FIMI: 3× platinaBlu celeste«Mi fai impazzire»156 FIMI: 6× platina «Blu celeste»1— FIMI: 2× platinaBlu celeste«Finché non mi seppelliscono»9— FIMI: Platina«Brividi»20221— «—» markerer at songen ikkje nådde lista.

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Blanco (sanger)» frå , den 6. desember 2022.

Kategori:Italienske songarar Kategori:Italienske låtskrivarar Kategori:Festival della Canzone Italiana di Sanremo-vinnarar Kategori:Italienske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Italienske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2022-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2022-låtskrivarar Kategori:Folk frå Lombardia