mini|Amandus Adamsons hus i Paldiski Amandus Heinrich Adamson () var ein estisk skulptør og målar.

Amandus Adamson var fødd i Uuga-Rätsepa nær Paldiski i dåverande Russland, og voks opp i ein sjømannsfamilie. Han flytta til Sankt Petersburg 1875 for å utdanna seg i kunst på Det russiske kunstakademiet. Etter eksamen arbeidde han som skulptør og lærar i Sankt Petersburg, med studieopphald i Paris og Italia i tida 1887–1891. Her blei han påverka av dei franske bilethoggarane Jules Dalou og Jean-Baptiste Carpeaux.

Det best kjende verket til Adamson, Russalkamonumentet, blei skapt i 1902. Dette var tileigna dei 177 sjømennene som omkom då det russiske panserkledde orlogsfartøyet «Russalka» forliste i 1893 på veg frå Tallinn til Helsingfors. Bronsemonumentet førestiller ein engel som står på ein høg pilar.

I samband med den russiske revolusjonen og den estiske frigjeringskrigen vende Adamson i 1918 tilbake til heimbyen sin Paldiski i nordvestlege Estland. Her budde han livet ut.

Verk i utval

Dei allegoriske skulpturane Handel, industri, vitskap og Kunstartene på fasaden til varehuset Jelissejef i Sankt Petersburg, bronse, 1902 Russalkamonumentet, Kadriorg i Tallinn, 1902 Allegorisk skulptur for Singerhuset, Sankt Petersburg, 1902–1904 Båtar som har forlist, Sevastopol, 1904 Tšempion ('Champion'), bronseskulptur over brytaren Georg Lurich, 1912 Monument over den estiske fridomskrigen, 1928, øydelagt 1945 Monument over Lydia Koidula, Pärnu. 1929

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Amandus Adamson» frå , den 10. desember 2022.

Kategori:Estiske kunstnarar Kategori:Russiske bilethoggarar Kategori:Kunstnarar frå 1800-talet Kategori:Kunstnarar frå 1900-talet