Jérémie Makiese (; ) er ein belgisk songar og fotballspelar. Han vann The Voice Belgique 2021 og representerte Belgia i Eurovision Song Contest 2022 med låten «Miss You».

Bakgrunn Makiese vart fødd i Antwerpen av kongolesiske foreldre. Som seksåring flytta familien, inkludert syster hans og tre brør, til Berchem-Sainte-Agathe. Eit par år seinare flytta familien til Dilbeek. Han budde i dei to kommunane i barndommen, og lærte seg både fransk og nederlandsk. Seinare busette han seg i Uccle.

Makiese byrja å syngje som barn. Begge foreldra er songarar, og mora spelar også tam-tam. Han song i eit kyrkjekor som barn og tok seinare songtimar på skulen. Han vart nasjonalt kjend i 2021, då han deltok i den niande sesongen av The Voice Belgique. I april 2021 vann han heile tevlinga. Same haust kunngjorde kringkastaren RTBF at Makiese skulle representere Belgia i den kommande utgåva av Eurovision Song Contest i Torino. I mars 2022 vart deltakarsongen «Miss You» gjeven ut. Låten enda som nummer 19 av 25 bidrag i finalen.

Fotballkarriere Makiese har parallelt med musikken alltid hatt ei stor interesse for fotball. Som 13-åring var han målvakt for BX Brussels. I september 2021 skreiv han eittårskontrakt med fotballklubben Excelsior Virton, etter å ha spelt for Jeunesse Molenbeek, Royal Wallonia Walhain og med La Louvière Centre sommaren 2021.

Som følgje av suksessen etter sigeren i The Voice Belgique, har han teke ein pause frå høgskuleutdanninga i geologi, for å konsentrere seg om song- og idrettskarrierene.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jérémie Makiese» frå , den 11. desember 2022.

Kategori:Belgiske songarar Kategori:Belgiske musikarar Kategori:Belgiske fotballspelarar Kategori:Belgiske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Belgiske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2022-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2022-låtskrivarar Kategori:Folk frå Antwerpen