mini|Framsida til mynten viser eit portrett av kong Christian III. mini|Baksida til mynten viser det norske riksvåpenet. Gimsøydalaren, òg kjend som sylvgylden eller sylvdalaren, er namnet på den fyrste norske utgåva av dalar prega i 1546. Ein gimsøydalar svara til tre mark à 16 skilling. Gimsøydalaren er den mest ettertrakta norske mynten for myntsamlarar.
Det finst i dag berre 18 eksemplar av gimsøydalaren, der tolv er eigde av museum og statlege samlingar og seks er i privat eige. Éin gimsøydalar har ein verdi på nesten to millionar norske kroner.
Skildring Gimsøydalaren er 3,5 centimeter i diameter og veg om lag 30 gram, derav omtrent 26,49 gram sylv (1 kølnsk mark à 233,85g sylv = 8,827 dalarar = 8 gimsøydalarar à 26,49 g sylv).
Adversen (framsida) viser eit portrett av kong Christian III, medan reversen (baksida) viser det norske riksvåpenet; løva med krone og øks.
Soge Gimsøydalaren har namn etter staden han vart prega, i Gimsøy kloster ved Skien. Gimsøy var tidlegare eit nonnekloster, men klosterverksemda vart etter reformasjonen i Noreg i 1537 forboden. Gimsøy vart brukt til myntproduksjon, for di ein hadde funne sylvførekomst i Telemark. Etter reformasjonen tok kong Christian III over eit koparverk i Gullnes ved Sundsbarmvatnet i Seljord, som før hadde høyrt til biskopen i Hamar. Her sette kongen i gang utvinning av sylv i 1539 ved hjelp av bergfolk frå Sachsen. Noko av sylvet kom òg truleg frå Fyresdal. Mykje av dette sylvet vart ført til Gimsøy, der det vart starta myntproduksjon i 1543, under leiing av myntmeisteren Jørgen Kock.
Den fyrste norske dalaren Gimsøydalaren var den fyrste norske dalaren som vart laga i Noreg. Dei fyrste dalarane i Europa vart prega i Joachimsthal i Böhmen i 1519 og vart kalla Joachimsthalerar, forkorta til Thaler. Både myntane og namnet vart snøgt etterlikna i andre land, til og med i Danmark-Noreg som kalla dei for daler. Amerikanske dollar har same opphav. Myntane i mellomalderen i Noreg var ofte små og hadde lågt innhald av sylv. Gimsøydalaren derimot, var på grunn av sitt høge innhald av sylv ein internasjonalt gangbar mynt.
Det finst spekulasjonar om gimsøydalarane vart prega i Danmark, ettersom Gimsøy kloster brann ned same år som myntane vart prega. Det norske sylvet skal ha vorte sendt til København i kjølvatnet av dette. Det er mogeleg at dalarane vart prega i København eller at nordmennene importerte stempla frå Danmark. Ein reknar uansett gimsøydalaren som den fyrste norske dalaren ettersom han har eit norsk motiv, den norske løva, på reverssida.
Gimsøydalarane er av nasjonal tyding, ein må difor søkja om løyve for å kunne taka med seg myntane ut av Kongeriket Noreg.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Gimsøydalaren» frå , den 12. desember 2022.
Bakgrunnsstoff «Prisrekord for norsk mynt» i nrk.no Gimsøydaleren i Digitaltmuseum Gimsøydalaren i numista.com
Vidare lesing Thesen, G. (2015) Norges mynter i dansketiden: 1449–1814. Oslo. Oslo Myntgalleri. ISBN 978-82-690202-0-5
Kategori:Kulturminne i Skien Kategori:Norske myntar Kategori:Numismatikk Kategori:Historisk mynt
