Troll Airfield er ein flyplass som ligg rundt sju kilometer frå den norske feltstasjonen Troll i Antarktis. Flyplassen blei bygd på iskappa og opna for trafikk i februar 2005. Han blir brukt til transport av personell og utstyr i samband med forsking i området.
Norsk polarinstitutt inviterte elleve land som opererte i Dronning Maud Land til samarbeid om Dronning Maud Land Air Network Project (DROMLAN). Troll Airfield er ein del av luftnettverket saman med Cape Town i Sør-Afrika og den russiske forskingsstasjonen Novolazarevskaja nordaust for Troll. Passasjerar blir flogne inn frå fastlandet og så transporterte med mindre fly vidare til dei endelege reisemåla sine.
Flyplassen viste seg å vera populær sidan han bidrog til å senka kostnadene i samband med forsking i Antarktis. C-130 Hercules og liknande fly har regulære flygingar. Rullebanen avgrensar ikkje storleiken på besøkande fly. Troll Airfield er berre open for trafikk i samband med forsking. Det finst ingen tenester for kommersiell trafikk. Flyplassen er open frå oktober til februar i den antarktiske sommarsesongen. 28. november 2012 landa det for første gong eit Boeing 737-fly på Troll. Flyet transporterte 33 personar og vende tilbake til Cape Town dagen etter.Vinje Jenssen, Elin. "Satser på økt sikkerhet og mer miljøvennlig flytransport" Norsk Polarinstitutt, December 03, 2012. Retrieved: April 1, 2014.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Troll Airfield» frå , den 13. desember 2022.
Bakgrunnsstoff
Troll Airfield på norskeflyplasser.no (arkivert nettside)
Kategori:Dronning Maud Land Kategori:Flyplassar i Antarktis Kategori:2°E Kategori:71°S