Luca Michlmayr (), kjend under scenenamnet LUM!X, er ein austerriksk DJ og musikkprodusent. Han er mest kjend for hitane «Monster» (med den italienske DJ-en Gabry Ponte) og «Thunder» (med DJ-ane Ponte og Prezioso), som selde til gull og platina heime i Austerrike, i tillegg til Danmark, Frankrike, Italia, Nederland, Noreg, Polen, Sveits, Sverige og Tyskland. «Thunder» nådde ein femteplass på den norske singllisten hausten 2021 og låg vinteren 2022 fortsatt på topp 20 i Noreg.

Han er også platina-sertifisert i Austerrike for «The Passenger (LaLaLa)», som er eit samarbeid med Ponte, Mokaby og DTE. Han representerte Austerrike i Eurovision Song Contest 2022 saman med Pia Maria og songen «Halo», der dei ikkje klarte å kvalifisere seg til finalen etter ein 15. plass i den fyrste semifinalen.

LUM!X vart i 2021 nominert til ein Amadeus Austrian Music Award i kategorien elektronic/dance, og han mottok ein French Fun Radio DJ Award for beste nykomar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «LUM!X» frå , den 14. desember 2022.

Kategori:Austerrikske musikarar Kategori:Austerrikske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2022-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2022-låtskrivarar