Circus Mircus er eit georgisk musikkband innan progressiv rock-sjangeren, som består av fire medlemmar. Bandet spelar hovudsakleg eksperimentell musikk og blander ei rekkje sjangrar, der kvar sjanger representerer ei livserfaring og den «indre verda» til kvar av bandmedlemmane. Bandet representerte Georgia i Eurovision Song Contest 2022 med låten «Lock Me In».

Bakgrunn Bandet vart skipa i Tbilisi i slutten av 2020 av tre lokale sirkusakademi-studentar. Dei droppa ut av akademiet og bestemte seg i staden for å danne eit band. Ifølgje ein av bandmedlemmane var dei tre ikkje «gode nok, sannsynlegvis dei dårlegaste i besetninga. Det er grunnen til at vi vart vennar». Ifølgje dei fann dei den fjerde bandmedlemmen på gata og utnemnde han til basspelar i bandet.

Den georgiske rikskringkastinga kunngjorde 14. november 2021 at dei internt hadde vald Circus Mircus til å representere landet i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia. Gruppa deltok i den andre semifinalen, der dei enda på sisteplass.

Bandmedlemmar Circus Mircus består av fire medlemmar som alle nyttar pseudonym: Shota Darakhvelidze, som Ludwig Ramírez Nika Kotsjarov, som Igor Von Lichtenstein Sandro Sulakvelidze, som Bavonc Gevorkyan Archil Sulakvelidze, som Iago Waitman

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Circus Mircus» frå , den 17. desember 2022.

Kategori:Georgiske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2022-deltakarar