Erik Homburger Erikson () var ein tysk-amerikansk psykolog av jødisk ætt. Erikson var og er ein av dei leiande personane innanfor utviklingspsykologi. Han var professor ved University of California, Yale og Harvard fram til han pensjonerte seg i 1970.
Den psykososiale utviklingsteorien Erikson sin psykososiale utviklingsteori går ut på at individet vert utvikla gjennom åtte ulike fasar, der kvar fase kan koplast til eit spesifikt livsstadium. Kvar fase har ei særskild utfordring som individet må gå igjennom. Måten ein handsamar desse konfliktane, vert avgjerande for individet si vidare psykososiale utvikling. Sjølv om Erikson sine teoriar stadig vert nytta og vert lært ut, har dei ikkje kunne provast. Til skilnad frå andre utviklingspsykologiske faseteoriar, som Sigmund Freud psykoseksuelle utviklingsteori og Jean Piagets kognitive utviklingsteori, tek teorien til Erikson sine åtta fasar ikkje slutt ved vaksen alder, men spenner seg over heile livslaupet.
Fasar Erikson meinte eit individ si utvikling av eins personlegdom fylgde eit bestemt mønster, der kvar fase er kopla til eit livsstadium. Med kvar fase fylgde ei særskild utfordring. +UtviklingsfasarStadium12345678Alder0-18 md.18 md.-3 år3-6 år6-12 år12-20 år20-40 år40-60 år60 år +Godt vaksenEgo-integritet / FortvilingVaksenUtvikling / StagnasjonUng vaksenNærleik / IsoleringUngdomIdentitet / RolleforvirringSein barndomArbeidsevne / MindreverdBarndomInitiativ / SkuldTidleg barndomSjølvstende / TvilSpedbarnTillit / Mistillit
Ifylgje Eriksson skulle eit individ, frå dei ulike fasane, innlema i sin identitet:
håp (hope) viljestyrke (will) meining (purpose) kunnskap, dugleik (competence) truskap (fidelity) kjærleik i nære relasjonar, familie og arbeid (love in intimate relationships, work and family) omhug/omsorg (caring) visdom (wisdom)
Kritikk Ein styrke med Erikson sin psykososiale utviklingsteori er at teorien, til skilnad frå andre teoriar, sluttar seg til at personlegdomsutviklinga pågår gjennom heile livet. Ein veikskap med teorien hans gjeld oppfattinga om at personlegdomsutviklinga fylgjer eit bestemt trappestegsmønster, der kvar fase bidreg med eit visst vegval og ein viss styrke (eventuelt veikskap ved nederlag).
Bibliografi 1950 – Childhood and Society 1958 – Young Man Luther: A Study in Psychoanalysis and History 1959 – Identity and the Life Cycle: Selected Papers 1969 – Gandhi's Truth: On the Origin of Militant Nonviolence 1978 – Adulthood 1986 – Vital Involvement in Old Age (med Joan M. Erikson og Helen Q. Kivnick) 1987 – The Life Cycle Completed 1995 – A Way of Looking at Things: Selected Papers 1930-1980 (redaktør: S.P. Schlien)
Om Erikson og teoriane hans Bøker Coles, Robert (1970). Erik H. Erikson: the Growth of His Work. Roazen, Paul (1976). Erik H. Erikson: The Power and Limits of a Vision. N.Y., The Free Press. Friedman, Lawrence J. (1999). Identity's Architect: A Biography of Erik H. Erikson. Welchman, Kit (2000). Erik Erikson, His Life, Work, and Significance. The Erik Erikson Reader. Robert Coles (editor). 2001 Hoare, Carol Hren (2002). Erikson on Development in Adulthood: New Insights from the Unpublished Papers.
Dokumentarfilm Everybody Rides the Carousel (Hubley, 1976)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Erik H. Erikson» frå , den 19. desember 2022.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Utviklingspsykologi Kategori:USA-amerikanske psykologar Kategori:Tyske psykologar