Svetlana Leonidovna Boginskaja () er ein tidlegare turnar frå Minsk som representerte Sovjetunionen til 1991, og deretter Belarus til ho la opp i 1996. Ho vart verdsmeister i mangekamp i 1989 og europameister 1989 og 1990. Boginskaja sanka seg tre OL-gull, fem VM-gull og ni EM-gull åra 1988-92.
Aktiv Boginskaja deltok i Turn-VM 1987 der ho kom på bronseplass i bom-øvinga og fekk sølv i lagtevlinga. Under Sommar-OL 1988 vart ho olympisk meister i hopp og med det sovjetiske mannskapet i lagtevlinga, dessutan tok ho ein sølvmedalje i frittståande og ein bronse i mangekampen. I europameisterskapen 1989 vart ho gullvinnar i mangekamp, frittståande og hopp. Nokre månader seinare gjekk ho til topps i mangekampen og i frittståande ved Turn-VM 1989, ho fekk gull også i lagtevlinga.
Under Turn-EM 1990 i Brussel gjorde Boginskaja reint bord med di ho vann alle fem tevlingane, rett nok måtte ho dele fyrsteplassen i skranke med to andre turnarar. Ved verdsmeisterskapen 1991 kom ho på andreplass i mangekampen, medan ho vann gullmedaljar i bom og i lagtevlinga. Gjennom året 1992 vann ho ein gullmedalje i bom i europameisterskapen, ein sølvmedalje i hopp i verdsmeisterskapen og ein gullmedalje i hopp med eit lag frå den oppløyste Sovjetunionen i Barcelona-OL.
Etter eit opphald kom Boginskaja tilbke og deltok i Turn-VM 1995 der ho enda på 16. plass i mangekampen. I 1996 vann ho ein sølvmedalje i hopp ved Turn-EM. Ho avslutta med å verte nummer 5 i hopp-øvinga under Sommar-OL 1996.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Svetlana Boginskaya» frå , den 22. desember 2022.
Kategori:Sovjetiske turnarar Kategori:Belarusiske turnarar Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Olympiske meistrar for SUS Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1988 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Gymnastar under sommar-OL 1988 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1992 Kategori:Deltakarar for SUS under sommar-OL 1992 Kategori:Gymnastar under sommar-OL 1992 Kategori:Belarusiske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Gymnastar under sommar-OL 1996