Sørrollnes kapell er eit kapell på Sørrollnes i Ibestad kommune i Troms fylke. Kapellet er ei langkyrkje i tre som er bygd for 110 sitjeplassar. Det vart innvigd i 1976. Kapellet er modellert på ei typeteikning for kyrkjestove frå firmaet Ric. Bjørn. Sørrollnes Kapellforening står bak drifta av kapellet.
Det kvitmåla kapellet har ikkje altartavle, men ein enkel trekross på fondveggen. Til høgre for krossen heng eit bilete som er måla i kopi etter Heinrich Hofmann sitt bilete av Jesus i bøn i Getsemane i Riverside Church i New York.
Gravplassen ligg nokre hundre meter nord for kapellet, aust for Kirkegårdsveien.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kyrkjer i Ibestad Kategori:1976 i Noreg