thumb|Biri-madonnaen (madonna med barn) er stilt ut i Historisk museum i Oslo. thumb|Krossfestingstablå skore av Lars Borg til altartavla i Biri stavkyrkje, no i Norsk Folkemuseum Biri stavkyrkje er ei tidlegare norsk stavkyrkje som truleg vart oppført på andre halvdelen av 1100-talet. Stavkyrkja stod, som dagens kyrkje, på Sigstad eller Biri prestegard (gnr. 26 = 132). Like etter reformasjonen skal ho ha vore ei stavkyrkje med heva midtparti og lågare sideskip og med eit treskipa, smalare, rektangulært kor. Kyrkja skal ha hatt svalgangar rundt om, og ein trur at ho hadde ein takryttar. Omkring 1660 fekk kyrkja «twende nye winger aff bindingswerck», noko som vanlegvis er å forstå som tverrarmar.Brendalsmo, s. 14. Stavkyrkja vart avløyst av dagens kyrkje i 1777.

Gjenstandar frå stavkyrkja Biri-madonnaen, ein treskulptur frå 1200-talet, befinn seg i mellomalderutstillinga i Historisk museum i Oslo, og det er laga ein kopi til dagens Biri kyrkje.

Lars Borg skar altartavle for kyrkja omkring 1703. Av denne er berre delar bevarte. Eit panel med et relieff av krossfestinga befinn seg i Norsk Folkemuseum, og eit panel med eit nattverdstablå er brukt opp at i altartavla i Nykirke kyrkje i Snertingdal.Hauglid, s. 33.Avbilda i Digitalt museum, som også avbilder hele tavlen. Eit par akantusvengjar frå tavla er i dagens Biri kyrkje,Hauglid, s. 35. medan eit par evangelistfigurar som ein trur stammar frå tavla, er i Nykirke.Hauglid, s. 34.

Ein døypefont som ein trur stammar frå stavkyrkja, eri eiget til Mjøsmuseet.Avbilda i Digitalt museum.

Kjelder

Anders Bugge: Biri kirke på Sigstad 1. Stavkirken, i Biri-Snertingdal bygdebok, band 2, s. 35ff. Jan Brendalsmo: Kildegjennomgang: Middelalderske kirkesteder i Oppland fylke (Riksantikvaren, 2015/2016), s. 14

Bakgrunnsstoff

Kategori:Tapte stavkyrkjer Kategori:Tidlegare kyrkjer i Noreg Kategori:Kulturminne i Gjøvik