Thomas Cromwell, 1. jarl av Essex () var ein engelsk statsmann. Han var den viktigaste ministeren til kong Henrik VIII, i ulike postar, frå 1532 til 1540. Han blei avretta for heresi og forræderi på ordre frå kongen, som seinare klaga over at han var blitt villeidd.

Tidleg liv Cromwell blei fødd kring 1485 i Putney i London. Ein kjenner få detaljar frå dei tidlegaste åra hans, men ein veit at faren hans Walter Cromwell blei bøtelagd seks penny heile 48 gonger mellom 1475 og 1501 for å vatna ut ølet han selde. I 1477 blei han òg kjend skuldig for overfall. Walter hadde deltatt i slaget ved Bosworth på sigersherren Henrik 7. si side, og stod derfor på god fot med Tudor-dynastiet. Han dreiv gjestgjevarstaden The Anchor ('Ankeret') og eit bryggeri, og familien hadde heimen sin øvst i Brewhouse Lane, i dag ein gatestump frå Putney Bridge Road ned til Themsen.

Mor til Thomas Cromwell kom nordfrå og tilhøyrde Meverell-familien. Gjennom henne hadde sonen eit nettverket av syskenbarn og tremenningar nord i landet. Sjølv hadde han to systrer: Elizabeth, som gifta seg med bonden William Wellyfed, og Kathrine, som med mannen Morgan Williams fekk sonen Richard som gjekk morbroren si teneste. Denne Richard blei oldefar til Oliver Cromwell.

Far til Thomas Cromwell kan ha vore irsk. Han var ein tidstypisk yeoman; ein driftig næringsdrivande som verdsette skulegang for barna. Walter Cromwell flytta til Wandsworth rundt 1501, der han var eigar av ei vassmølle. Seinare oppstod eit rykte om at han òg hadde vore smed; kanskje fordi han - som mange andre i tudortida - føydde namnet Smith til etternamnet sitt.Diarmaid MacCullough: Thomas Cromwell (s. 9-10), Penguin Books 2019, ISBN 978-0-241-95233-7

I utlandet venstre|mini|Frescobaldi-familien sitt våpenskjold. Thomas Cromwell forlét England som tenåring. Eustace Chapuys, som seinare var naboen hans i London og snakka mykje med han, skreiv at Cromwell som ung drog til Flandern og deretter Italia. Den samtidige forfattaren Matteo Bandello skreiv ein novelle om Cromwell si reise til Italia. Det er usikkert om denne byggjer på historiske fakta eller er heilt oppdikta. Ifølgje Bandello var Cromwell på flukt frå faren sin, og deltok undervegs på fransk side i slaget ved Garigliano den 29. desember 1503. Cromwell var dermed på taparane si side. I novella til Bandello blei den unge engelskmannen plukka opp frå gata i Firenze av Francesco Frescobaldi, men han var då berre 8 år gammal, så truleg var det snakk om faren hans eller den eldre broren Leonardo. I alle høve kom Cromwell til å stå Frescobaldi-familien nær heile livet. Som sekretær for kardinal Wolsey i 1520-åra må han ha blitt klar over kva for ei enorm gjeld frescobaldiane hadde opparbeidd seg hjå Henrik 8. I 1530-åra betalte Cromwell spionen sin på kontinentet, dr Augustine, via Francesco Frescobaldi.https://europepmc.org/backend/ptpmcrender.fcgi?accid=PMC1081639&blobtype=pdf Frescobaldiane var den største vin-importøren til Tudor-England.Diarmaid MacCullough: Thomas Cromwell (s. 22-24) Familien er framleis ein anerkjend vinprodusent.https://en.frescobaldi.com/

Avlatshandel mini|Ein avlatskremmar. Han har festa avlatsbreva til kleda sine. Innan 1512 var Cromwell blitt tilsett av frescobaldiene og dreiv handel med tekstil i Nederlanda. Dokument frå Vatikan-arkiva viser at han var agent for kardinal Reginald Bainbridge, og handterte engelske kyrkjerettssaker for Den romerske rotaen.

Då Bainbridge døydde i 1514, vende Cromwell heim til England i august same år. Medan han hadde vore i Firenze had handelstransaksjonane til italienarane med England vokse enormt, i hemmeleg samforståing med kong Henrik VII. Italienarane innførte fargestoffet alun frå Egypt og andre muslimske land, og smugla det til tekstilindustrien i Nord-Europa via England, sjølv om paven hadde forbode denne trafikken av omsyn til sitt eige monopol på sal frå alungruvene i Pavestatene. Italienarane dominerte dermed heilt forretningsverda i London fram til reformasjonen. Cromwell snakka flytande italiensk (i tillegg til latin og fransk), medan få av landsmennene hans lærte seg språket. I London fall det han naturleg å ha omgang med den store italienske kolonien. Den første heimen hans var i Fenchurch Street, der kjøpmennene frå Genova heldt til. Kardinal Reginald Pole hevda at Cromwell ei tid var rekneskapsførar for ein kjøpmann i Venezia. Kanskje var det snakk om Donato Rullo, som var venn av både Cromwell og Pole.Diarmaid MacCullough: Thomas Cromwell (s. 24-32)

Vår Frue-lauget i Boston, som seinare kosta på det praktfulle spiret (the Boston stump) på St. Botolph-kyrkja, skipa velstanden sin på sal av avlatsbrev i heile England og Irland.https://parish-of-boston.org.uk/church/st-botolphs/ Truleg var Boston-lauget den største aktøren i England innan avlatssal, og konkurransen frå Austin Friars (augustinarbrørne) i London var særs lite velkommen. Ironisk nok tilhøyrde Luther nettopp desse augustinarbrørne, og hadde nyss tatt til orde mot avlatsbrev, akkurat då det braut ut ein heftig strid i England mellom ordensbrørne hans i England og Boston-lauget, om nettopp avlatssal. Boston-lauget sende representanten sin til kardinal Wolsey for å få stansa avlatsbrevet til augustinarane, men saka måtte avgjerast i Roma. Boston-lauget engasjerte difor Cromwell, sidan han snakka italiensk. Han er fyrste gong dokumentert i rekneskapane til lauget ved pinsetid i 1518 med eit salær på over 4 pund. Deretter drog han til Roma for dei, der han møtte pave Leo X, ein yngre bror av Piero di Lorenzo de' Medici som hadde falle i slaget ved Garigliano, der også Cromwell skal ha vore med. Under opphaldet i Roma skaffa han seg Erasmus si utgåve av Det nye testamentet på gresk og latin. Han fortalde seinare Thomas Cranmer at det å lesa Bibelen på eiga hand hadde vakt tvilen hans om avlatsbrev og hans eige engasjement i salet av dei. Tidleg på 1520-talet var han like fullt framleis agent for dei då 4 000 avlatsbreva blei trykte opp av trykkaren til Boston-lauget i London, Richard Pynson.Diarmaid MacCullough: Thomas Cromwell (s. 31-34)

Kardinalens mann lenkje=//upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/1/1d/Portrait_of_a_Young_Man%2C_c._1535-40%2C_Hans_Holbein_the_Younger.jpg/250px-Portrait_of_a_Young_Man%2C_c._1535-40%2C_Hans_Holbein_the_Younger.jpg|mini|Cromwell sin son Gregory, måla av Hans Holbein den yngre. På eit ukjent tidspunkt blei Cromwell introdusert for kardinal Thomas Wolsey, anten gjennom Gray-familien i Dorset som han gav råd i juridiske saker, eller gjennom fetteren sin Robert Cromwell, som var prest i Battersea under kardinal Wolsey. I alle høve gav han Wolsey råd i juridiske saker i 1520. Før 1519 hadde han gifta seg med dottera for ein tekstilhandlar, Elizabeth Wyckes (1489–1527). Dei fekk sonen Gregory og dei to døtrene Anne og Grace. Namnet Gregory var svært uvanleg i England i tudortida, og kan ha vore inspirert av Cromwell si reise til Roma i 1518/19, der han blei minna om at England var blitt kristna under pave Gregor den store.Diarmaid MacCullough: Thomas Cromwell (s. 37

Etter jusstudiar blei Cromwell vald inn i Det engelske parlamentet i 1523. Etter oppløysinga av parlamentet skreiv han eit brev til ein venn, der han spøkte med dei uproduktive arbeidsmetodane der.Stanford E. Lehmberg, The Reformation Parliament, 1529 – 1536, Cambridge University Press, 1970, ss. 1–2

I 1523 flytta han og familien inn i klosteret Austin Friars i London. På klosterområdet låg Edward Stafford gravlagd etter å ha blitt avretta 17. mai 1521 for forræderi, eit tidleg døme på kong Henrik sin brutalitet mot alle av Plantagenet-slekta. Forræderi blei likevel rekna som mindre alvorleg enn kjetteri, så forrædarar fekk like fullt ei kristen gravferd, og Stafford hadde hatt tilhengjarar som frå tid til annan vitja grava hans.Diarmaid MacCullough: Thomas Cromwell (s. 44) Dei italienske, tyske og flamske koloniane i London gjekk til kyrkje i Austin Friars, som var landemerket i den delen av London som i dag er mest kjend for Liverpool Street stasjon. I klosterkyrkja slapp dei å betala tiande og andre forpliktingar som følgde med kyrkjelyden i ei soknekyrkje. Cromwell kjøpte bustaden sin av to italienarar som var nære partnarar av frescobaldiane; Giovanni Cavalcanti hadde i 1521 fått i oppdrag av pave Leo X å konstruera ein modell av eit praktfullt gravmæle for kong Henrik, betalt av paven som takk fordi kongen heilt avviste Luther i skrifta si Assertio Septem Sacramentarum,https://www.rct.uk/collection/1006836/assertio-septem-sacramentorum-adversus-martinum-lutherum noko som også gav kong Henrik tittelen «forsvararen av trua».Diarmaid MacCullough: Thomas Cromwell (s. 40-43)

I 1524 blei Cromwell teken inn ved Gray's Inn, og var no den mest trudde medarbeidaren til Wolsey. I november 1528 sikra kardinal Wolsey seg to pavebullar om å sørga for ei radikal fornying av engelsk klosterliv. Alle kloster med færre enn seks bebuarar skulle stengast, og alle kloster med færre enn tolv bebuarar skulle slåast saman med eit større kloster.Diarmaid MacCullough: Thomas Cromwell (s. 73) Etter desse retningslinjene sørgde Cromwell for å oppløysa tretti kloster for å skaffa pengar til kardinalskulen i Ipswich og Cardinal's College i Oxford.

Då kardinal Wolsey blei styrta i 1529, prøvde Cromwell forgjeves å hjelpa han, og kom i det høvet i kontakt med kong Henrik VIII. 1529 var elles eit forferdeleg år for Cromwell, som mista både den gamle velgjeraren sin Wolsey og kona si Elizabeth. 12. juli 1529 skreiv han testamente som enkemann. Seinare same året mista han begge døtrene sine. Han sende då sonen Gregory til oppfostring hjå andre, der guten fekk veksa opp i meir heimslege omgjevnader enn han sjølv kunne gje han.Diarmaid MacCullough: Thomas Cromwell (s. 36) Han gifta seg aldri igjen, men det var truleg rundt 1529 at han blei far til eit barn utanfor ekteskap, Jane. I 1539 budde Jane hjå halvbroren sin Gregory, som då var gift mann med eigen heim. Cromwell sende ein rundelig sum til utstyr for «mistress Jane», som sidan gifta seg med William Hough, sonen til Cromwell sin tenar Richard. Overraskande nok vart ekteparet Hough nokre av dei mest tradisjonstru katolikkane i Oxfordshire.Diarmaid MacCullough: Thomas Cromwell (s. 102-03)

Kongen hadde kalla inn eit nytt parlament, kjent som Reformasjonsparlamentet, for å få innvilga skilsmisse frå Katarina av Aragón slik at han kunne gifta seg med hoffdama hennar Anne Boleyn. Mot slutten av 1530 eller tidleg i 1531 blei Cromwell utnemnd til kongeleg rådgjevar for parlamentssaker, og innan utgangen av 1531 var han ein del av den inste kretsen til kongen.Elton, op.cit., s. 129Lehmberg, op.cit., s. 132 Han blei den viktigaste ministeren til kongen i 1532, utan å ha noko offisielt embete som medførte ein slik posisjon, men rett og slett på grunn av den enorme tilliten kongen hadde til han.Elton, op.cit., s. 129 Fyrst året etter blei han rådsmedlem.

Minister lenkje=//upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/cb/Thomas_Cromwell%2C_portrait_miniature_with_fur_collar%2C_after_Hans_Holbein_the_Younger.jpg/250px-Thomas_Cromwell%2C_portrait_miniature_with_fur_collar%2C_after_Hans_Holbein_the_Younger.jpg|mini|Cromwell måla kring 1535 av Hans Holbein den yngre. Cromwell spelte ei viktig rolle i reformasjonen i England. Parlamentet 1529–31 førte ikkje kongen noko nærare ei skilsmisse. Men i 1532, med Cromwell som kongen sin fremste mann, byrja ting å skje. Viktige inntektskjelder for paven blei avskorne, og kyrkjelovgjevinga, blei overført til kongen. I løpet av dei neste åra kom den grunnleggande loven under den engelske reformasjonen, Act in Restraint of Appeals, som forbaud anker til Roma. Dette opna for at skilsmisse kunne innvilgast i England, utan at paven kunne behandla ei anke.