Shinigami (死神, shinigami, 'dødsånd') er gudar eller overnaturlege vesen som leier menneske mot døden i ulike tradisjonar i japansk religion og kultur. ar er blitt skildra som monster, hjelparar og mørke makter. Dei opptrer i religiøse og andre soger frå Japan.
Japansk religion mini|Miyazu i Kyoto prefektur. Statue av Yama (Enma) i Nariai-ji. I buddhismen er det ein mara knytt til døden, Mrtyu-mara. Dette er ein demon som gjer at menneske ønsker å døy, og det blir sagt at nokon som er besett av han plutseleg vil ønska å ta livet sitt. Denne blir difor stundom omtalt som ein . I Yogacarabhumi-sastra, eit skrift som tek for seg Yogacara, bestemmer demon kva tid menneske skal døy. Yama, herskaren over Underverda, og oniar som Oksehovud og Hestefjes, er også rekna som ein type . venstre|mini|'Izanami og Izanagi skapar dei japanske øyane' av Eitaku Kobayashi. Izanami er til venstre. I shinto og japansk mytologi gav Izanami døden til menneskja, så Izanami blir også stundom rekna som ein . Izanami og Yama er likevel haldne som ulike frå dødsgudar i vestleg mytologi. Nokre former for buddhisme omfattar ikkje tru på nokre guddommar, så av og til blir det ikkje rekna med at det finst ein dødsgud i det heile.
Klassisk litteratur høgre|mini| frå av Shunsensai Takehara Klassisk litteratur frå edotida nemner ar som besett menneske. I frå Tenpō 12 (1841) er det til dømes ei soge som heiter «». Her er shinigamien ånda til ein person som har døydd og har vond vilje. Ho verkar saman med dårlege impulsar som allereie finst i levande menneske til å leia dei på dårlege vegar, og fører til gjentekne handlingar, som at mord eller sjølvmord skjer fleire gonger på same stad.
I kabukispelet av Kawatake Mokuami i Meiji 19 (1886) kjem ein inn i tankane til folk og får dei til å tenkja på dårlege ting dei har gjort og få dei til å ønska å døy. Desse åndene er meir som (det vil seia skrømt og ), eller vonde ånder enn som gudar.
Folketru ar er også nemnde i japansk folketru etter krigen. Ifølgje tradisjonen i Miyajima i Kumamoto prefektur må dei som går ut for å sjå til nokon om natta drikka te eller eta ei skål ris før dei søv, viss ikkje kunne ein vitja dei.
I Hamamatsu-området i Shizuoka prefektur heiter det at ein kan ta kontroll over folk og leia dei til fjell, kyst eller jernbanar der folk hadde døydd. Desse kan ikkje koma vidare etter døden om ikkje ein ny person døyr der etter dei. Under høgtida higan er det vanleg å vitja graver ved middagstid eller solnedgang, men i Okayama prefektur heiter det at ei gravvitjing ved soloppgang utan ei tidlegare vitjing kan gjera at ein blir besett av ein . Dersom ein har vitja grava ved solnedgang er det derimot nødvendig å vitja henne att ved soloppgang for å ikkje bli besett. I folketrua er det også eit utbreidd syn at åndene til avdøde som ikkje har hatt nokon til å tilbe seg kan leita etter folk som kan vera i lag med dei.
Førekomst i moderne populærkultur I den japanske mangaserien Bleach er det oppgåva til ein shinigami å senda sjeler vidare til anten himmelen eller helvete.
Også i Death Note er det Shinigami, som bur i Shinigamiriket, ei utanomjordisk verd. Oppgåva deira er å skriva namn på folk som er klar for å døy. Nokon gangar mistar dei boka si ned på jorda og viss eit menneske får tak i den eigarar han/ho ho. Shinigamien følgjer då etter eigaren heile tida sidan det er berre ein som har tatt i den som kan sjå dødsguden.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Shinigami» frå , den 29. desember 2022. Denne artikkelen bygger på «Shinigami» frå , den 29. desember 2022. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Japansk kultur Kategori:Dødsgudar Kategori:Psykopompar