Søre Midøy kapell er i eit bygg som vart oppført som skulebygg i 1897. Det vart vigsla til kyrkjeleg bruk i 1931. Bygget stod då på ein del av Midøya som inngjekk i Vatne kommune før det vart overført til Midsund og (frå 2020) til Molde. I 1956 fekk Søre Midøy ny skule. Denne var lagd ned i 2008 for så å drivast som montessoriskule til 2024.
Rundt 2000 var det gamle kapellbygget (og tidlegare skulebygget) rivingstrua på grunn av vegutbygging. Det vart då flytta til området for skulen frå 1950-åra. Dette var gjennomført i 2002 med første gudsteneste på den nye staden den 8. september. Kapellet har typisk 3–4 gudstenester i året og er framleis i bruk per august 2025.
På Midøya er òg ein gravplass noko lengre sørvest.
Fotnotar Jf. Facebook-innlegg i høve gudstjeneste. Årsmelding 2019 for Midsund fellesråd. Midsund montessoriskule legg ned (Midsundingen 27. mai 2024) Vil bevare Midøy skole (Romsdals Budstikke 11. mai 2000) Romsdal sogelag
Hovudkjelde Romsdal sogelag: Kyrkjene i Romsdal (PDF-brosjyre), s. 107–108
Kategori:Kyrkjer i Molde