Avadhi er eit austleg indoarisk språk som ofte blir rekna som ein dialekt av hindi. Det er det største språket innan austleg hindi med om lag 2/3 av talarane.
Avadhi var eit viktig indisk litteraturspråk før utviklinga av skriftleg hindustani, med eit høgdepunkt på 1500- og 1600-talet. Store diktarar som Tulsidas og Djajasi skreiv på avadhi.
Fonologi Den nest siste stavinga i eit ord har alltid kort vokal. Dette gjeld også i ei bøygd form av eit ord.
Morfologi Substantiv har genus i vestleg avadhi, men ikkje i austlege målføre. Adjektiv blir hovudsakleg ikkje bøygde, men kan ta -i i feminin i måla med genus.
Kjelder G. A. Zograph: Languages of South Asia, 1960 (translated by G.L. Campbell, 1982), Routledge, London. Engelsk Wikipedia
Kategori:Indoiranske språk Kategori:Einskildspråk Kategori:Språk i India